Opna hovudmenyen

Fortunabreen er ein tidvassisbre ved munningen av Cumberland Bay på øya Sør-Georgia. Han flyt nordaustover til han endar like vest for Cape Best, med ein austleg sidebre som nesten når vestsida av Fortuna Bay, på nordkysten av Sør-Georgia. Han vart namngjeven kring 1912, truleg etter kvalskuta «Fortuna».[1] Han er den største isbreen på øya og er kjend for to hendingar på 1900-talet.

Fortunabreen
isbre
SG17 Fortuna Glacier.jpg
Fortunabreen
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Stad Sør-Georgia
 - koordinatar 54°6′S 36°51′W
South Georgia and the South Sandwich Islands in United Kingdom.svg
Wikimedia Commons: Fortuna Glacier

Innhaldsliste

1916Endra

I midten av april 1915 vart skipet til Ernest Shackleton, «Endurance», med 27 mann ombord, fastlåst i isen i Weddellhavet like utanfor Antarktis. Våren 1916, då isen smelta og dreiv nord, vart skipet knust. Mennene nytta livbåtar for å kome seg til Elefantøya, ei aude, folketom øy utanfor Den antarktiske halvøya. Der vart dei stranda. Shackleton og fem andre stuva seg inn ein livbåt (kalla «James Caird»), og segla 1300 km over det iskalde Scotiahavet, og nådde på mirakuløst vis Sør-Georgia to veker seinare. Med store vanskar gjekk dei i land på den folketomme vestsida av øya ved King Haakon Bay. Forfrosne og utmatta med dårlege klede og dekte av havsalt, klarte dei ikkje å setje segl att i vinden, straumane og den grove sjøen til ein av kvalstasjonen på austsida av øya, som var den einaste busetnaden på Sør-Georgia. For å kome seg der måtte dei krysse ukjende fjell og isbrear med mange bresprekker utan utstyr (på den tida var det indre av øya heilt ukjend). Shackleton var ustoppeleg, stranda båten og med to andre la han i veg over øya, og kryssa Fortunabreen i prosessen. 36 timar seinare, utan søvn eller kvile, nådde dei kvalfangststasjonen Strømnes.

1982Endra

 
Fortunabreen i november

Argentina okkuperte Falklandsøyane og Sør-Georgia med militærmakt, tok britiske armerte styrkar øya attende i Operasjon Paraquet, og dreiv dei argentinske styrkane bort frå øya. Ein valte å setje i land fjellsoldatar frå Special Air Serviceisbreen, for så å gå mot Grytviken frå den mest usannsynlege retninga. Etter at soldatane var sett på breen var tilhøva særs dårlege med særs dårleg sikt og kraftig vind, den 21. april 1982. Vêrtilhøva vart gradvis verre. I løpet av fleire redningsforsøk dagen etter med tre helikopter, og eit Wessex V-helikopter styrta i dei ekstreme vêrtilhøva. Eit av dei andre helikoptera klarte å redde alle soldatane like før det vart mørkt.

Sjå ògEndra

KjelderEndra