Opna hovudmenyen
Phosphine-3D-sticks.png

Fosfin er ei sambinding med kjemisk formel PH3. Stoffet blir også kalla hydrogenfosfid.

Fosfin er ein fargelaus, brennbar og giftig gass med eit kokepunkt på −87,7 °C ved standard trykk. Rein fosfin er luktfri.

HelseEndra

Gassen er svært giftig og kan drepa i små konsentrasjonar. Han er i tillegg luktfri, fargelaus og brannfarleg. Kontakt med gassen kan føre til synstap, ved lengre kontakt òg hovudverk, ørske, magesjau og koordinasjonstap. Kroniske effektar på menneske inkluderer bronkitt og alvorlege skadar på skjelettet.

BrukEndra

Gassen blir brukt som eit meire miljøvennleg alternativ til å bli kvitt insekt i kornsiloar. Fosfin blir danna når vatn blir tilsett FeSi (ferro-silisium).

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Fosfin