Framandlegionen (fransk Légion Étrangère) er ei militæreining i den franske hæren. Han vart danna i 1831 i fransk Nord-Afrika etter juli-revolusjonen i Frankrike. Legionen vart danna fordi utanlandske friviljuge ikkje lenger kunne verve seg til det ordinære militæret.

Framandlegionens flagg viser ein handgranat med sju flammar.
Framandlegionærar på den franske nasjonaldagen 14. juli.
Foto: David Monniaux

Dei fleste offiserane i Framandlegionen er franske, men dei meinige er samansett av mange forskjellige nasjonalitetar (mellom anna franskmenn). Etter å ha tenestegjort i legionen i tre år kan legionæren søkje om fransk statsborgarskap. Alle legionærar blir innrullert under pseudonym, men kan få tilbake den opphavlege identiteten sin etter eitt år ved å gjennomgå «régularisation de situation militaire» (RSM). Berre legionærar som har gjennomgått RSM kan få fransk statsborgarskap.

I hovudsak var Legionen eit prosjekt for å utvide det Franske koloniale imperium på 1800-talet. Legionen har også hatt ein stor rolle i krigar med andre europeiske stormakter i krigar som 1. og 2. verdskrig.

Tidlegare hadde Framandlegionen eit rykte for å tiltrekkje seg leigesoldatar og rømlingar. I dei seinare år har rekrutteringa til legionen blitt avgrensa og det blir gjort bakgrunnssjekk på alle søkjarar.

Det noverande hovudkvarteret ligg i Aubagne, like utanfor Marseille.

Oppsetjing endre

  • I Frankrike
    • 1. regiment (Régiment Étranger) (1er RE), stasjonert i Aubagne
    • 2. infanteriregiment (Régiment Étranger d'Infanterie) (2e REI), stasjonert i Nîmes
    • 4. øvingsregiment (Régiment Étranger) (4e RE), stasjonert i Castelnaudary
    • 1. stridsvognregiment (Régiment Étranger de Cavalerie) (1er REC), pansra regiment stasjonert i Orange
  • 1. ingeniørregiment (Régiment Étranger de Génie) (1er REG), stasjonert i Laudun
  • 2. ingeniørregiment (Régiment Étranger de Génie) (2e REG), stasjonert i Saint-Christol i Vaucluse
  • Korsika
    • 2. fallskjermregiment (Régiment Étranger de Parachutistes) (2e REP), stasjonert i Calvi
  • I dei franske oversjøiske territoria
    • 3. infanteriregiment (Régiment Étranger d'Infanterie) (3e REI), stasjonert i Kourou, Fransk Guyana.
    • Detasjement (Détachement de Légion Étrangère de Mayotte) (DLEM), detasjement stasjonert på Mayotte.
  • Afrika
    • 13. halvbrigade (Demi-Brigade de Légion Étrangère) (3e DBLE), stasjonert i Djibouti.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Framandlegionen