François de Franquetot de Coigny

fransk marskalk

François de Franquetot de Coigny (16. mars 167018. desember 1759) var ein fransk marskalk og frå 1747 hertug av Coigny.

François de Franquetot de Coigny

Fødd16. mars 1670
FødestadCoutances
Død18. desember 1759
DødsstadParis
Rangmarskalk av Frankrike
KonfliktarNiårskrigen
Adelstittelhertug

Bakgrunn

endre

Han vart fødd i Coigny château nær Coutances i Normandie, som son til Robert-Jean de Coigny og Marie-Françoise de Matignon. Onkelen hans var Charles-Auguste de Goyon-Matignon, fransk marskalk og nevøen hans Jacques I av Monaco. Som faren gjekk han inn i militæret. Han vart brigader i 1702, Maréchal de camp i 1703 og generalløyntnant i 1709.

Dei mest kjende sigrane hans var ved San Pietro og Guastalla, som han vann i 1734 i lag med marskalk de Broglie mot austerrikarane i den polske arvefølgjekrigen. Han vart fransk marskalk i 1734. Under den austerrikske arvefølgjekrigen erstatta han marskalk de Broglie i 1743 for å forsvare dei franske stillingane ved Rhinen.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: François de Franquetot de Coigny