François de Neufville de Villeroy

fransk soldat

François de Neufville, 2. duc de Villeroy (7. april 164418. juli 1730) var ein fransk soldat.

François de Neufville de Villeroy

Fødd7. april 1644
FødestadLyon
Død18. juli 1730
DødsstadParis
Rangmarskalk av Frankrike
KonfliktarAustro-Turkish War of 1663-1664
Adelstittelhertug
François de Neufville, duc de Villeroy.

Biografi endre

Villeroy var fødd i Lyon i ein adelsfamilie som hadde stige fram under regjeringstida til Karl IX.

Faren hans, Nicolas de Neufville, marquis de Villeroy, marskalk av Frankrike (1598-1685) var statthaldar for den unge kong Ludvig XIV som seinare gjorde han til hertug. François voks opp i eit nært venskap med Ludvig og vart eit medlem av den indre kretsen hans. Villeroy var utpeikt til ein karriere i militæret. I 1693, utan å ha fått noko erfaring, vart han gjort til marskalk av Frankrike. I 1695, då François Henri de Montmorency-Bouteville de Luxembourg døydde, tok han over kommandoen av armeen i Flandern (sjå niårskrigen); VilhelmIII syns han var ein langt enklare motstandar enn «den vesle pukkelryggen» (duc de Luxembourg). Villeroy var ansvarleg for den meiningslause bombarderinga av Brussel i 1695, som førte til den regelmessige og einskaplege arkitekturen ein kan sjå i dag då han vart gjenoppbygd på 1700-talet (sjølv om han igjen vart øydelagd i begge verdskrigane).

I 1701 vart Villeroy send til Italia for å overta etter Nicolas Catinat og vart raskt slått av den langt sterkare armeen til prins Eugene av Savoie i Chieri (sjå den spanske arvefølgjekrigen). I februar 1702 vart han teken til fange under slaget ved Cremona.

Året etter dreiv han skyttargravskrig mot hertugen av Marlborough i Nederlanda. Marlborough hadde vanskar med nederlendarane og andre allierte kommandørar og ikkje så mykje med dugleiken til Villeroy, slik at han ikkje fekk slått han på fleire år, men i 1706 gjekk Marlborough til åtak og slo han grundig i Ramillies. Ludvig trøysta den gamle venen sin med orda, «når ein er på vår alder er ein ikkje lenger heldig», men let andre overta kommandoen og Villeroy levde livet som hoffmann. Sjølv om han var mistenkt for å vere involvert i komplott, vart han verande ven med Ludvig.

Under Régence var Villeroy statthaldar for barnekongen Ludvig XV og hadde fleire høge embete mellom 1717 and 1722, då han fall i unåde etter å ha vore med i ei samansverjing mot Filip II av Orléans, regenten for Ludvig XV, og vart send som guvernør i Lyon, i røynda i eksil. Familien vart så ført skam over då to yngre familiemedlemmar, duc de Retz og marquis d'Alincourt vart sende i eksil for å ha hatt eit seksuelt forhold i hagane i Versailles.[1] Ludvig XV kalla Villeroy tilbake til embetsteneste då han vart gammal nok.

Villeory døydde i Paris i 1730.

Kjelder endre

  1. The Man Who Would Be King: The Life of Philippe d'Orleans, Regent of France by Christine Pevitt. Published by Weidenfeld & Nicolson in Storbritannia, 1997. Page 301.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: François de Neufville de Villeroy