Slaget ved Ramillies

Slaget ved Ramillies var eit stort slag i den spanske arvefølgjekrigen den 23. mai 1706. Møtet vart ein stor suksess for dei allierte styrkane til Dei sameinte Nederlanda, England og deira reservar;[2] slaget kom etter eit år med uavgjorte felttog i 1705, der alliert overmot og nederlandsk nøling etter suksessen deira med slaget ved Blenheim hadde ført til at felttoget langs Moselle vart avbroten, slik at Hertugen av Marlborough måtte avbryte planane sine om å invadere Frankrike. Sjølv om dei allierte ikkje hadde fått ein avgjerande siger, ønskte Ludvig XIV fred, men han ønskte det med gunstige vilkår. Derfor valde dei franske armeane å vere offensive, i staden for å vere på defensiven.

Slaget ved Ramillies
Del av tden spanske arvefølgjekrigen

Det engelske kavaleriregimentet bryt gjennom på høgrefanlken, som ein her ser tar paukeslagaren til den bayerske vaktgarden til kurfyrsten.
Dato 23. mai 1706
Stad Ramillies, i dagens Brabant wallon i Belgia
Resultat Avgjerande engelsk-nederlandsk siger
Partar
Allierte styrkar:
 Dei sameinte Nederlanda
 England
 Frankrike
Flagget til Bayern Kurfyrstedømet Bayern
 Spania
Kommandantar
Flagget til England Hertugen av Marlborough
Flagget til Den nederlandske republikken Grev Overkirk
Flagget til Frankrike Duc de Villeroi
Flagget til Bayern Maximilian II Emanuel
Styrkar
62 000 menn[1]
90 kanonar
20 bombekastarar
60 000 menn
62 kanonar
Tap
1 066 døde,
2 597 skadde
20 000 døde eller tekne til fange
Den spanske arvefølgjekrigen
Flamske og rhinske felttog
Friedlingen – Kehl – Ekeren – Höchstädt – Speyerbach – Schellenberg – Blenheim – Elixheim – Ramillies – Stollhofen – Oudenarde – Beachy Head – Lizard Point – Wijnendale – Lille – Malplaquet – Bouchain – Denain

Italienske felttog
Carpi – Chiari – Cremona – Luzzara – Cassano – Nice – Calcinato – Torino – Castiglione – Toulon – Gaeta – Cesana – Campo Maior – Siracusa
Spanske og portugisiske felttog

Cádiz – Vigobukta – Cap de la Roque – Gibraltar – Ceuta – Málaga – Cabritaneset – Montjuïc – 1. Barcelona – Badajoz – 2. Barcelona – Santa Cruz de Tenerife – Almansa – Xàtiva – Ciudad Rodrigo – Tortosa – Menorca – La Gudina – Almenar – Saragossa – Brihuega – Villaviciosa – 3. Barcelona

Året 1706 hadde starta bra for generalane til Ludvig XIV, som hadde hatt suksess i Italia og Alsace, der marskalk Villars hadde tvunge markgreven av Baden til å trekkje seg attende over Rhinen. Ludvig pressa no marskalk Villeroi til å finne Marlborough og føre dei allierte i slag i Dei spanske Nederlanda. Den franske marskalken sette derfor ut frå Leuven (Louvain) med 60 000 mann, og marsjerte provoserande mot Zoutleeuw (Léau). Marlborough, som òg ønskte eit storslag, samla styrkane sine, om lag 62 000 mann – nær Maastricht, før han rykte fram mot Mehaigne og sletta ved Ramillies der franskmennene, i påvente av slag, alt hadde sett opp linjene sine.

På mindre enn fire timar vart armeen til Villeroi grundig slått. Dei små taktiske endringane Marlborough gjorde undervegs i slaget gjekk hus forbi for dei franske og bayerske kommandantane før dei skjønte det var for seint. Den fransk-bayerske armeen braut saman og sette i gang ein masseflukt. Etter at prins Eugene vann i Torino nord i Italia, hadde dei allierte påført Ludvig XIV dei største tapa av landområde han skulle oppleve under krigen. By etter by, inkludert Brussel, Brugge og Antwerpen – fall til styrkane til Marlborough og mot slutten av felttoget var den fransk-spanske armeen for det meste driven ut av Dei spanske Nederlanda. 1706 vart eit merkeår for dei allierte.

Bakgrunn endre

Etter det katastrofale nederlaget i Blenheim i 1704 vart det eit pusterom for Frankrike året etter. Hertugen av Marlborough hadde meint å drive felttog i 1705 òg - ein invasjon av Frankrike gjennom Moselledalen - for å fullføre arbeidet i Blenheim og overtale Ludvig XIV til å gjere fred, men planen vart hindra av både ven og fiende.[3]

Dei nederlandske allierte var motvillige til å sjå grensene sine blottlagt for soldatar for eit nytt sjansespel i Tyskland,[3] men langt viktigare var det at markgreven av Baden at han ikkje hadde store styrkar å avsjå for hertugen i det komande felttoget. Dette kom av at styrkane hans vart flytta flytta frå Rhinen for å støtte prins Eugene i Italia, og delvis på grunn av den dårlege helsa til Baden etter ein alvorleg fotskade han pådrog seg under storminga av Schellenberg året før.[4] I tillegg døydde keisar Leopold I i mai og Josef I tok over trona, noko som gjorde saka vanskelegare for Storalliansen.[4]

Den franske kongen var vanskeleg å knekke og innsatsen til generalane hans gjorde òg tilhøva vanskeleg for Marlborough.[5] Marskalk Villeroi la stort press på den nederlandske kommandanten grev Overkirk langs Maas, tok Huy den 10. juni før dei pressa på mot Liège. Med marskalk Villars i ei sterk stilling ved Moselle vart den allierte kommandanten, som no hadde kritisk lite forsyningar, tvungen til å avbryte felttoget den 16. juni. «For ein skam for Marlborough», hoverte Villeroi, «å ha gjort falske rørsler utan resultat!»[6] Då Marlborough drog nordover kunne franskmennene no flytte soldatane sine frå Moselldalen for å forsterke styrken til Villeroi i Flandern, medan Villars marsjerte til Rhinen.[7]

Den engelsk-nederlandske styrken fekk litt igjen for det mislukka felttoget i Moselle med sigeren i Elixheim og kryssinga av Brabant-linjene i Dei spanske Nederlanda. Huy vart òg gjenerobra den 11. jul, men på grunn av mykje nøling og motvilje hos nederlendarane forsvann sjansen til å føre franskmennene ut i eit avgjerande slag for Marlborough.[8] 1705 hadde nesten vore heilt resultatlaust for hertugen, og vart berre kompensert på den diplomatiske fronten der han ved hoffa i Düsseldorf, Frankfurt, Wien, Berlin og Hannover, prøvde å auke støtta for Storalliansen og få lovnader om rask støtte for felttoget året etter..[9]

Opptakt endre

Den 11. januar 1706 kom Marlborough omsider til London mot slutten av den diplomatiske reisa si, men han hadde alt planlagt strategien for det komande felttoget. Det første valet (sjølv om det er omdiskutert kor villig hertugen var til dette) var å overføre styrkane hans frå Dei spanske Nederlanda til Nord-Italia, og der slå seg saman med styrken til prins Eugene for å slå franskmennene og trygge Savoie frå å verte erobra.[10] Savoie ville så tene som ein inngangsport til Frankrike over fjellovergangane, eller, som eit alternativ, ein invasjon med marinestøtte langs kysten av Middelhavet via Nice og Toulon i samhandling med dei allierte i Spania.[11] Det ser ut til at hertugen heller ønskte å returnere til Moselledalen[12] – der marskalk Marsin nyleg hadde teke over kommandoen over dei franske styrkane - og prøvde på ny og nå hjarte av Frankrike. Desse avgjerslene vart snart teoretiske for kort tid etter at Marlborough gjekk i land i Dei sameinte Nederlanda den 14. april, kom meldingane om store tilbakeslag for dei allierte i krigen.

 
Den allierte øvstkommanderande John Churchill, 1. hertug av Marlborough (1650–1722) av Godfrey Kneller.

Ludvig XIV ønskte å vise Habsburg og deira allierte at Frankrike framleis var å rekne med, og førebudde to overraskande åtak i Alsace og Nord-Italia.[13] I Italia slo marskalk Vendôme den 19. april keisararmeen i Calcinato, og pressa dei attende i stor uorden. Dei franske styrkane var no i stilling ti å førebu den lenge venta omleiringa av Torino. I Alsace kom marskalk Villars overraskande på markgreven av Baden og erobra Haguenau, og dreiv han attende til Rhinen i noko uorden, og slik trua Landau.[14] Med desse tilbakeslaga nekta no nederlendarane å reise med Marlborough i ein marsj til Italia, eller delta i andre planar som tok styrkar bort frå grensene deira.[15] For å halde roen i koalisjonen førebudde Marlborough derfor eit felttog i Nederlanda.[15]

I rørsle endre

Hertugen forlet Haag den 9.mai. «Gud må vite at eg dreg med tungt hjarte», skreiv han seks dagar seinare til venen og den politiske allierte i England, Lord Godolphin, «for eg har ikkje håp om å oppnå særleg, med mindre franskmennene gjer det eg er ganske sikker på dei ikkje kjem til å gjere» - med andre ord prøve å oppnå eit slag.[16] Den 17. mai samla hertugen dei nederlandske og engelske soldatane sine ved Tongeren, nær Maastricht. Hannovarane, hessarane og danskane hadde, eller dikta opp, forskjellige årsaker til å trekke støtta si.[14] Marlborough skreiv ei appell til hertugen av Württemberg, kommandanten for den danske kontingenten – «eg sender deg dette for å bed deira høgheit å sende kavaleriet ditt til oss så raskt som mogeleg …»[17] I tillegg heldt kongen i Preussen soldatane sine i forlegning bak Rhinen medan han hadde uløyste personlege stridar med Wien og Generalstatane. Hertugen kunne likevel ikkje tenkje seg at franskmennene ville forlate den sterke stillinga si for å angripe armeen hans, sjølv om Villeroi først vart forsterka med soldatar under Marsin.[18] Men han tok feil. Sjølv om Ludvig XIV ønskte fred, ønskte han gunstige vilkår, og for å oppnå dette trengde han ein siger på slagmarka, og overbevise dei allierte om at han ikkje hadde lite ressursar.[19]

Etter suksessane i Italia og langs Rhinen, håpte no Ludvig XIV på liknande resultat i Flandern. I staden for å halde forsvarsstillinga - og ukjend for Marlborough – egga Ludvig XIV stadig marskalken sin til kamp. «[Villeroi] byrja å tru», skreiv St Simon, «at kongen tvilte på motet hans, og bestemte seg for å sette alt på spel for å hevde seg sjølv».[20] Villeroi sette derfor ut frå Leuven den 18. mai føre 70 bataljonar, 132 skvadronar og 62 kanonar - ein styrke på om lag 60 000 soldatar - og kryssa elva Dyle for å søke eit slag med fienden. Han fekk stadig meir tru på at han var ein betre general enn motstandaren og Versailles ønskte å hemne Blenheim. Villeroi og generalane hans venta derfor suksess. Villeroi var overtydd om at Marlborough hadde vunne slaget ved Blenheim med lykke.

 
Kart over Nederlanda under den spanske arvefølgjekrigen. Landsbyen Ramillies ligg nær Mehaigne, ei sideelv til Maas..

Ingen av motstandarane venta eit slag der og då det skjedde.[21] Franskmennene flytta først til Tirlemont, (for å true Zoutleeuw, som franskmennene forlet i oktober 1705), før dei vendte sørover, på veg mot Jodoigne – denne marsjruta tok armeen til Villeroi langs det smale, tørre området mellom Mehaigne og Petite Gheete, nær landsbyane Ramillies og Taviers; men ingen av kommandantane forstod kor langt motstandaren hadde reist. Villeroi trudde (den 22. mai) at dei allierte framleis var ein dagsmarsj unna då dei faktisk hadde slått leir nær Corswaren der dei venta på at dei danske skvadronane skulle ta dei att. Marlborough trudde at Villeroi framleis var i Jodoigne då han i røynda nærma seg platået Mont St. André for å slå leir nær Ramillies (sjå kartet til høgre).[21] Det prøyssiske infanteriet var ikkje der. Marlborough skreiv til Lord Raby, engelskmannen i Berlin; «Om Gud vil gje oss siger over fienden, vil ikkje dei allierte stå mykje i teneste for kongen [Fredrik] for suksessen.»[22]

Dagen etter, kl. 01:00, sende Marlborough ut Cadogan, generalintendanten sin, med ein fortropp for å rekognosere same området som Villeroi no var på veg til, landområde som var velkjend for hertugen frå tidlegare felttog. To timar seinare følgde hertugen etter med hovudarmeen: 74 bataljonar, 123 skvadronar, 90 kanonar og 20 bombekastarar, totalt 62 000 soldatar.[23] Kring 08:00, etter Cadogan akkurat hadde passert Merdorp, fekk styrken hans ei kort møte med franske hussarar som henta fôr ved enden av Jandrenouille-platået. Etter nokre skotvekslingar trekte franskmennene seg attende og dragonane til Cardigan pressa framover. Då disen klårna eit kort augneblink oppdaga Cadogan dei ordna linjene til framtroppen til Villeroi om lag 6 km lenger framme. Eit sendebod vart sendt i all hast attende til Marlborough for åtvare han. To timar seinare reid hertugen, i lag med den nederlandske feltkommandanten Veldt Marshal Overkirk, general Daniel Dopff opp til der Cadogan var, og i horisonten i vest kunne han skjelne dei store rekkjene til den franske armeen, som gjorde seg klar for slag langs den 6 km lange fronten.[23] Marlborough sa seinare til biskop Burnet at «eg har aldri tidlegare sett den franske armeen sjå så bra ut».[24]

Slaget endre

Slagmarka endre

Slagmarka på Ramillies var særs lik den i Blenheim, for det var òg her eit stort åkerområde innanfor skogar og hekkar.[25] Høgreflanken til Villeroi låg mot landsbyane Franquenée og Taviers, med elva Mehaigne på flanken. Ei større slette, om lag 2 km brei, låg mellom Taviers og Ramillies, men i motsetnad til Blenheim var det ikkje ei elv her som hindra kavaleriet. Senteret hans var sikra kring sjølve Ramillies, som låg på ein liten bakke med godt utsyn mot nord og aust. Den franske venstreflanken var verna av kupert terreng og av ei lita elv, Petite Gheete, somvar djup mellom bratte og glatte bakkar. På den franske sida av elva steig landskapet opp til Offus, landsbyen som i lag med Autre-Eglise lenger nord, forankra venstreflanken til Villeroi. Vest for Petite Gheete stig platået Mont St. André opp. Ei anna slette, Jandrenouille, der den engelsk-nederlandske armeen samla seg, stig opp i aust.[25]

Dei første fordelingane endre

 
Det første åtaket i slaget ved Ramillies, 23. mai 1706. I sør, mellom Taviers og Ramillies, hadde begge kommandantane sett ut det meste av kavaleriet sitt. Det var her Marlborough gjorde gjennombrotet sitt.

Kl. 11:00 gav hertugen ordre til armeen om å innta slagformasjonen. Heilt til høgre, mot Foulz, sette britiske bataljonar og skvadronar seg opp i doble rekkjer nær elva Jeuche. Senteret bestod av nederlandske. tyske, protestantiske sveitsarar og skotske infanteristar, kanskje opp mot 30 000 mann, vendt mot Offus og Ramillies. Mot Ramillies plasserte Marlborough òg eit kraftig batteri på 30 24-pundskanonar, drege på plass av oksar. Andre batteri vart sett ut oppfor Petite Gheete. På venstre sida deira, på den breie sletta mellom Taviers og Ramillies – og der Marlborough tenkte at det avgjerande møtet ville finne stad[26] - sette Overkirk ut 69 skvadronar med nederlandske og danske kavaleristar, støtta av 19 bataljonar nederlandsk infanteri og to kanonar.[27]

Samstundes sette Villeroi ut styrkane sine. I Taviers på høgresida hans, plasserte han to bataljonar med Greder Suisse Régiment, med ein mindre styrke framom i Franquenée; heile stillinga var verna av det myrlendte området kring elva Mehaigne og slik hindre eit alliert åtak på flanken.[28] I det opne landskapet mellom Taviers og Ramillies, plasserte han 82 skvadronar under general de Guiscard støtta av fleire innskotne brigadar av fransk, sveitsisk og bayersk infanteri. Langs ryggen Ramillies–Offus–Autre Eglise, plasserte Villeroi ut vallonske og bayerske infanteristar, støtta av kurfyrsten av Bayern sine 50 kavaleriskvadronar frå Bayern og Vallon, plassert bak på platået Mont St. André. Ramillies, Offus og Autre-Eglise var alle fylte med soldatar og i ein forsvarstilsstand der alleane var barrikaderte med hol i veggane for muskettane.[29] Villeroi sette òg ut kraftige batteri nær Ramillies. Desse kanonane (somme av dei med tre løp, som ein først såg i bruk i Elixheim året før) hadde gode eldbogar, og klarte å dekkje heile tilkomsten til Jandrenouille-platået som det allierte infanteriet måtte passere.

Marlborough såg derimot fleire viktige svakheitar i den franske stillingane.[30] Taktisk var det viktig for Villeroi å okkupere Taviers på høgresida si og Autre-Eglise på venstresida, men for å klare dette måtte han tynne ut styrkane sine.[31] I tillegg skapte denne fordelinga, som var konkav i forhold til den allierte armeen, Marlborough høve til å danne ei meir kompakt linje, trekkje opp i ein kortare front mellom «horna» på den franske halvmånen, slik at når det allierte åtaket kom, så ville det vere meir konsentrert og ha større tyngde. I tillegg gjorde fordelinga til hertugen at han kunne overføre troppar på tvers av fronten langt enklare enn fienden, ein taktisk fordel som vart viktig etter kvart som slaget skreid fram utover ettermiddagen.[31] Sjølv om Villeroi hadde høvet til å omringe flankane til fienden når dei kom i stilling på platået - og true med å omringe heile armeen. Hertugen tenkte derimot korrekt at den forsiktige franske kommandanten kom til å køyre eit defensivt slag langs rygglinja.[32]

Taviers endre

Ved 13:00 starta batteria. Litt seinare sett to engelsk-nederlanske rekkjer av stad frå den ytre enden av linja si og gjekk til åtak på flankane til den fransk-bayerske armeen.[33] I sør kom den nederlandske garden, kommandert av oberst Wertmüller, framover med to feltkanonar for å ta grenda Franquenée. Den vesle sveitsiske garnisonen i landsbyen var rysta av det brå stormåtaket og utan støtte frå bataljonane bakom, vart dei raskt tvungen attende til landsbyen Taviers. Taviers var særleg viktig for den fransk-bayerske stillinga: han verna den elles opne flanken til kavaleriet til general de Guiscard på den opne sletta, og samstundes gjorde han at det franske infanteriet kunne true flankane til dei nederlandske og engelske skvadronane som rykte framover.[34] Ikkje før sveitsarane hadde nådd fram til kameratane i landsbyen, så sette den nederlandske garden i gang eit nytt åtak. Kampane mellom gatene og husa vart raskt forverra til ein kamp med bajonettar mann mot mann, men den overlegne nederlandske eldkrafta kom snart til syne. Den dyktige franske offiseren oberst de la Colonie stod på sletta i nærleiken og hugsa - «denne landsbyen var opninga på slaget og kampane der var nesten like mordariske som heile slager under eitt.»[35] Om lag 15:00 hadde sveitsarane vorte pressa ut av landsbyen og ut i myrområde kring.

 
Den fransk-bayerske kommandanten Duc de Villeroi (1644–1730). Slaget ved Ramillies var det siste Villeroi kommanderte.

Høgreflanken til Villeroi fall ut i kaos og var no open og sårbar.[36] De Guiscard såg situasjonen og gav med ein gong ordre om åtak med 14 franske dragonskvadronar som stod stasjonært bakom. To andre bataljonar av Greder Suisse Régiment vart òg sende av stad, men åtaket var dårleg koordinert og gjekk i stykke. Den engelsk-nederlandske kommandanten sende no nederlandske dragonar til fots inn i Taviers, som i lag med garden og feltkanonane sende konsentrerte gevær- og kardesksalvar mot dei framrykkande franske styrkane - oberst d’Aubigni som leia regimentet fall død om.[37]

Då dei franske rekkjene vakla, for dei leiande danske kavaleriskvadronane til Württemberg - no uhindra av fiendtleg eld frå begge landsbyane - inn i åtaket og fall mot den eksponerte flanken til det fransk-sveitsiske infanteriet og dragonane.[38] De la Colonie med hans Grenadiers Rouge-regiment, i lag med Köln-garden som var i brigaden med dei, fekk no ordre om å rykkje fram frå stillinga si sør for Ramillies for å støtte det vaklande motåtaket på landsbyen. Då han kom fram var alt kaos - «ikkje før hadde soldatane mine kome ovr då dragonane og sveitsarane kom rullande mot bataljonen min i full flykt … mine eigne soldatar snudde om og flykta i lag med dei.»[37] De La Colonie klarte å samle saman nokre av grenaderane sine i lag med restane av dei franske dragonane og Greder Suisse-bataljonane, men det var ein halvhjarta operasjon som berre gav svak støtte til høgreflanken til Villeroi.[39]

Offus og Autre-Eglise endre

 
George Hamilton, 1. jarl av Orknøyane (1666–1737) av Martin Maingaud. Han leia personleg det engelske infanteriåtaket på Offus og Autre-Eglise.

Medan åtaket på Taviers gjekk inn, sende jarlen av Okrnøyane den første rekkja med engelskmenn over Petite Gheete i eit bestemt åtak mot dei barrikaderte landsbyane Offus og Autre-Eglise på den allierte høgresida. Villeroi som sjølv stod nær Offus, såg med uro på raudjakkane som nærma seg, og hugsa rådet han hadde fått den 6. mai frå Ludvig XIV – «Merk deg særleg den delen av rekkja som tek i mot det første åtaket frå dei engelske soldatane».[33] Den franske kommandanten tok til seg dette rådet og byrja å flytte bataljonar frå senteret for å forsterke venstreflanken, og trekte fleire soldatar frå den alt svake høgreflanken for å erstatta dei.[38]

Då dei engelske bataljonane byrja å klatre opp den svake bakken i Petite Gheete-dalen, og kjempa seg over dei myrlendte bekkane, vart dei møtt av generalmajor de la Guiche sitt disiplinerte vallonske infanteri, sende framover frå Offus. Etter konsentrerte geværsalvar, som påførte raudjakkane store tap, fall vallonarane attende til rygglinja i god orden. Det tok engelskmennene noko tid å få orden i rekkjene på det tørre landet over elva og press på opp baken mot husa og barrikadane på ryggen.[40] Krafta i det engelske åtaket var så stor at dei trua med å bryte gjennom linja ved landsbyane og ut på den opne sletta på Mont St André bakom. Dette var potensielt farleg for det allierte infanteriet som då kunne utsettast for dei bayerske og vallonske skvadronane til kurfyrsten, som tolmodig venta på ein ordre på platået.[41]

Sjølv om det britiske kavaleriet til Henry Lumley klarte å krysse det myrlendte område kring Petite Gheete, vart det snart klart for Marlborough at det ikkje ville gå med nok kavaleristøtte og at slaget ikkje kunne vinnast på den allierte høgresida.[42] Hertugen avbraut derfor åtaket mot Offus og Autre-Eglise. For å sikre at Orkney tok i mot ordren, sende Marlborough generalintendanten sin personleg med kommandoen. Trass i at Orkney protesterte, insisterte Cadogan på at han gav seg, og motvillig gav Orkney ordre til soldatane sine om å falle attende til den opphavlege stillinga på kanten av Jandrenouille-platået. Det er framleis ikkje klart om framrykkinga til Orkney vart planlagt som eit skinnåtak. I følgje historikaren David Chandler er det truleg at Marlborough sende ut Orkney for å sondere mogelegheitene i dette området.[38] Uansett hadde åtaket verknad. Villeroi hadde forsterka flanken med store delar av kavaleristar og infanteristar som burde ha delteke i den avgjerande kampen sør for Ramillies.[43]

Ramillies endre

I mellomtida skaut det engelsk-nederlandske åtaket på Ramillies fart. Den yngre broren til Marlborough, infanterigeneral Charles Churchill, gav fire infanteribrigadar ordre om å angripe landsbyen. Åtaket bestod av 12 bataljonar nederlandsk infanteri kommandert av generalmajor Schultz og Spaar; to saksiske brigadar under grev Schulenburg; ein skotsk brigade i nederlandsk teneste leia av hertugen av Argyle og ein liten brigade protestantiske sveitsarar.[44] Dei 20 franske og bayerske bataljonane i Ramillies, støtta av irske dragonar og ein liten brigade gardistar frå Köln og Bayern under marki de Maffei sette opp eit sterkt forsvar, som først dreiv attende fienden med store tap.[45]

Marlborouugh såg at Schultz og Spaar vakla og gav ordre om at den andre rekkja med britiske og danske bataljonar under Orkney (som ikkje vart nytta i åtaket på Offus og Autre-Eglise) om å flytte sørover mot Ramillies. Dei var skjult bak ein liten haug og kommandanten deira, brigadegeneral van Pallandt, gav ordre om at fanane deira skulle plasserast på kanten av platået for å lure motstandarane til å tru at dei framleis stod i den opphavlege stillinga si. Franskmennene kjende ikkje til den verkelege styrken og intensjonen til dei allierte på den andre sida av Petite Gheete, og Marlborough pressa no på med full styrke mot Ramillies og den opne sletta mot sør. Villeroi flytta samstundes fleire infanterireservar den motsette retninga mot venstreflanken sin. Det skulle ta noko tid før den franske kommandanten merka den finurlege endringa i fordelinga til fienden.[46]

 
Halshogginga av oberst Bringfield. Eit monument til Bringfield i den nordlege fløya i Westminster Abbey fortel historia.[47]

Kring 15:30 rykte Overkirk fram med skvadronane sine på den opne sletta for å støtte infanteriet som angreip Ramillies. Skvadronane til Overkirk, 48 nederlandske, støtta på venstresida av 21 danske, rykte jamt framover mot fienden (forsiktig for å ikkje slite ut hestane for tidleg), før dei sett i gang eit trav for å få drivkraft før åtaket.[48] Marki de Feuquières skildra synet etter slaget - «Dei rykte fram i fire rekkjer … då dei nærma seg rykte den andre og fjerde rekkja fram innimellom den første og tredje rekkja, slik at når dei kom fram til oss, så var det berre ein front, utan rom i mellom.»[49]

Den første samanstøyten gjekk i favør dei nederlandske og danske skvadronane. Sidan dei allierte var langt fleire - etter at Villeroi hadde flytta så mykje av infanteriet over på venstreflanken - kunne kavaleriet til Overkirk drive den første franske rekkja bak i noko uorden mo den andre rekkja i skvadronane. Denne rekkja kom òg under hardt press, og vart slik pressa attende til den tredje kavalerirekkja og dei få bataljonane som var att på sletta.[50] Men desse franske ryttarane var av dei beste i hæren til Ludvig XIV, Maison du Roi,[51] støtta av fire eliteskvadronar av bayerske kyrasérar. Dyktig leia av de Guiscard smala det franske kavaleriet seg, og dreiv bak dei allierte skvadronane i eit vellukka motåtak..[52] På høgreflanken til Overkirk, nær Ramillies, braut bårtt ti av skvadronane hans ut av rekkjene og vart spreidd, og reid hardt til baktroppen for å kome i orden att, og etterlet venstreflanken til dei allierte som gjekk til åtak på Ramillies særs eksponert. Trass i mangel på infanteristøtte, kasta de Guiscard kavaleriet sitt fram i eit forsøk på å splitte den allierte armeen i to.

Ei krise trua senteret, men frå den fordelaktige stillinga si vart Marlborough med ein gong klar over situasjonen.[42] Den allierte kommandanten kalla no kavaleriet på høgreflanken over for å forsterke senteret sitt, og etterlet berre dei engelske skvadronane til å støtte Orkney. Takka vere kombinasjonen av røyken på slagmarka og eit fordelaktig terreng, merka ikkje Villeroi denne omgrupperinga og prøvde derfor ikkje å flytte nokon av dei 50 unytta skvadronane han hadde.[42] Medan han venta på friske forsterkingar, kasta Marlborough seg sjølv ut i kampen og kalla til seg nokre nederlandske kavaleristar som som veik attende i uorden. Det var berre så vidt det gjekk bra, for fleire franske ryttarar kjende att hertugen og kom ridande mot avdelinga hans. Hesten til Marlborough ramla og hertugen vart kasta av. Det var eit kritisk augneblink i slaget. Eit augnevitne sa seinare «generalmajor Murray, som såg han fall, marsjerte to sveitsiske bataljonar i all hast opp til han for å redde han frå fienden som kasta alt dei hadde den vegen»[53] Heldigvis for Marlborough kom den nye adjutanten hans Richard Molesworth, galopperande for å redde han, tok hertugen på hesten sin og rømde av stad, før dei displinerte rekkjene til Murray dreiv dei franske forfølgjarane attende.[53]

Etter ein kort pause kom stallmeisteren til Marlborough, oberst Bringfield (eller Bingfield) med ein reservehest til hertugen, men medan han hjelpte hertugen opp på hesten, vart den uheldige Bringfield treft av ei villfarande kanonkule som hogd hovudet av han. Ei soge fortel at kanonkula fauk mellom beina på generalkapteinen før ho trefte obersten, som fall over hertugen.[53] Faren forsvann og hertugen kom seg attende i tide til å sjå at kavaleriforsterkinga nådde høgreflanken - ei endring som Villeroi framleis var lykkesaleg uvitande om.[54]

Gjennombrot endre

 
Dei allierte skvadronane overført frå nord tils ør gav dei allierte ein 5 mot 3 fordel på sletta der om lag 25 000 franske og allierte kavaleristar kjempa hardt.[55]

Klokka var kring 16:30 og dei to armeane var i nærkontakt over heile den 6 km lange fronten, frå småtrefningar i myrene i sør, til omfattande kavalerikampar på den opne sletta, til harde kampar om Ramillies i midten og i nord der Orkney og de la Guiche stod andlet til andlet på kvar side av Petite Gheete, klar til nye åtak.

Dei overførte skvadronane var no på plass og byrja å tippe balansen i favør dei allierte. Trøytte og med stadig større tap byrja Guiscard etter kvart å merke at han hadde færre skvadronar.[56] Etter tidlegare å ha mislukkast å halde eller ta attende Franquenée og Taviers, hadde høgreflanken til Guiscard vorte farleg eksponert og eit livsfarleg gap hadde opna seg til høgre på rekkja deira. Det danske kavaleriet til Württemberg utnytta dette holet i rekkja og for framover og gjennom flanken til Maison du Roi som no var fullstendig oppteken med å halde attende nederlendarane. Dei 21 danske skvadronane for framover, nesten utan motstand og grupperte seg på ny bak franskmennene, vendt nord på Mont St André-platået mot den eksponerte flanken til armeen til Villeroi.[57]

Dei siste allierte forsterkingane for kavaleriet i sør var til slutt i posisjon. Marlborough var no den klårt sterkaste på venstreflanken og tok no eit grep om slagmarka. Altfor seint prøvde Villeroi no å setje ut dei 50 unytta skvadronane sine i eit desperat forsøk på å danne ei linje mot sør, som strekte seg frå Offus til Mont St. André, innimellom bagasje og telt i den franske leiren.[58] Den allierte kommandanten beordra kavaleriet sitt framover mot dei franske og bayerske ryttarane, som no var i sterkt undertal. Høgreflanken til De Guiscard, utan ordentleg infanteristøtte, kunne ikkje lenger stå i mot stormåtaket, og vendte hestane sine nordover og flykta total uorden.[59] Sjølv skvadronane som no var samla saman av Villeroi bak Ramillies kunne ikkje stå i mot stormåtaket. «Me hadde ikkje kome 50 meter i tilbaketrekkinga vår», hugsa kaptein Peter Drake, ein irsk leigesoldat for franskmennene – «då orda sauve qui peut gjekk gjennom soldatane, om ikkje heile armeen, og sette alle i forvirring.»[60]

I Ramillies braut det allierte infanteriet, no forsterka med engelske styrkar frå nord, gjennom. Régiment de Picardie stod stand, men vart fanga mellom det skotsk-nederlandske regimentet til oberst Borthwick og dei engelske forsterkingane. Borthwick vart drepen, og det same vart Charles O’Brien, den irske grev Clare i fransk teneste, som kjempa fremst i regimentet sitt.[61] Marki de Maffei prøvde ein siste gong med garden frå Bayern og Köln, men det var til inga nytte. Han merka seg ryttarar som nærma seg raskt frå sør, og sa seinare - «eg gjekk mot den næraste av desse skvadronane for å instruere offieren deira, men i staden for at eg vart lytta til, vart eg umiddelbart omringa og bede om pardon.»[62]

Forfølging endre

Vegane mot nord og vest var overfylte med flyktande soldatar. Orkney sende no dei engelske soldatane sine over Petite Gheete att for igjen storme Offus der infanteriet til de la Guiche hadde byrja å drive bort i uorden.[63] Til høgre for infanteriet, byrja skottane til Lord John Hay å bane seg veg over elva og gjekk til åtak på Régment du Roi i Autre-Eglise. «Dragonane våre», skreiv John Deane, «pressa inn i landsbyen … og massakrerte fienden.»[63] Dei bayerske kavaleribrigadane og garden til kurfyrsten trekte seg attende og danna eit skjold kring Villeroi og kurfyrsten, men vart spreidd av kavaleriet til Lumley. Blant dei mange flyktningane på slagmarka, klarte dei franske og bayerske kommandantane berre så vidt å kome seg unna general Cornelius Wood, som ikkje var klar over kven dei var og måtte nøye seg med å ta to bayerske generalløytnantar.[64] Lengst mot sør hadde restane av brigaden til de la Colonie drege i motsett retning mot den franske festninga Namur.[65]

Tilbaketrekkinga vart ein slakt.[66] Dei forskjellige allierte kommandantane dreiv soldatane sine framover i forfølging, og let ikkje den slåtte fienden få sjanse til innhente seg att. Kort tid etter klarte ikkje det allierte infanteriet å følgje etter, men for kavaleriet var det fritt fram, og då mørkret senka seg var dei på veg mot kryssinga av elva Dyle.[67] Til slutt avslutta Marlborough forfølginga kort tid etter midnatt nær Meldert, 19 km frå slagmarka.[67] «Det var verkeleg eit sjokkerande syn å sjå dei ynkelege restane av denne mektige armeen»,skreiv kaptein Drake, «… redusert til ein handfull.»[68][69]

Etterverknad endre

 
Hertugen av Marlborough tek imot dei kapra fanene ved Ramillies. Kunstnar: H. Dupray.

Det som var igjen av armeen til Villeroi var no nedslått. At franskmennene tapte så mange fleire menn enn dei allierte synte omfanget av katastrofen for armeen til Ludvig XIV. I tillegg var hundrevis av franske soldatar fangar, og mange av dei skulle aldri mønstre igjen. Villeroi mista òg 52 kanonar og heile ingeniørtroppen sin.[70] Marskalk Villars sa sjølv om det franske nederlaget i Ramillies – «Den mest skamfulle, audmjukande og katastrofale nedslaktinga».[71]

By etter by fall no til dei allierte. Leuven fall den 25. mai 1706; tre dagar seinare gjekk dei allierte inn i Brussel, hovudstaden i Dei spanske Nederlanda. Marlborough forstod dei store mogelegheitene som oppstod etter den tidlege sigeren i Ramillies, – «Me har no heile sommaren føre oss», skreiv hertugen frå Brussel til Robert Harley, «og med velsigning frå Gud skal eg utnytte dette på best mogeleg måte».[72] Malines, Lierre, Gent, Alost, Damme, Oudenaarde, Brugge og den 6. juni Antwerpen, fall alle til armeen til Marlborough, og som Brussel støtta dei den austerrikske kandidaten for den spanske trona, erkehertug Karl, som herskaren deira.[73] Villeroi var ute av stand til å stoppe kollapsen. Då Ludvig fekk høyre om katastrofen, henta han attende marskalk Vendôme frå Nord-Italia for å ta kommandoen i Flandern, men det kom til å ta veker før kommandoen vart byta ut.

 
Dei allierte gevinstane i Ramillies-felttoget i 1706. (Merk: Kapituleringsdatoane varierer noko frå kjelde til kjelde).

Etter kvart som meldingane om triumfen til dei allierte spreidde seg, ønskte no dei prøyssiske, hessiske og hannoveranske kontingentane å delta i forfølginga av dei franske og bayerske styrkane. «Dette», skreiv Marlborough, «reknar eg kjem av suksessen vår».[74] Samstundes tok Overkirk hamnebyen Ostend den 4. juli og opna slik ei direkte rute til Den engelske kanalen for kommunikasjon og forsyningar, men dei allierte gjorde lite framgang mot Dendermonde der guvernøren, marki de Valée stod i mot. Først då Cadogan og Churchill gjekk til åtak fall byen.[75]

Vendôme tok formelt over kommandoen i Flandern den 4. august.;[76] Villeroi fekk aldri større kommandooppgåver igjen og klaga seg: «eg kan ikkje sjå lukkelege dagar før meg, bortsett frå dagen eg døyr».[77] Ludvig XIV var langt meir tilgjevande og helste den gamle venen sin med orda - «På vår alder, marskalk, kan ein ikkje lenger vente seg lukke»[78] I mellomtida tok Marlborough festninga Menin som etter ei hard omleiring kapitulerte den 22. august. Dendermonde overgav seg til slutt den 6. september, etterfølgd av Ath – den siste erobringa i 1706 – den 2. oktober.[79] Då Marlborough avslutta felttoget dette året, hadde han teke det meste av Dei spanske Nederlanda frå franskmennene vest for Maas og nord for Sambre – det vart ein uovertreffeleg triumf for den engelske hertugen.[77]

Den første problemstillinga for dei allierte no var kva dei skulle gjere med Dei spanske Nederlanda, eit tema som austerrikarane og nederlendarane hadde heilt forskjellige syn på.[80] Keisar Josef I, som handla på vegner av den yngre broren kong ’Karl III’, som var borte i Spania, hevda at det gjenerobra Brabant og Flanderen umiddelbart måtte gå inn under ein guvernør som han sjølv utpeikte. Nederlendarane, som hadde medverka med dei flest soldatar og pengar til å sikre sigeren (austerrikarane hadde knapt medverka med noko) ønskte å ta styret over regionen fram til krigen var over, og etter fredsavtalen var signert skulle dei legge sterkare garnisonar i grensefestningane enn dei som hadde falle så lett til styrkane til Ludvig XIV i 1701. Marlborough mekla mellom dei to partane, men føretrekte den nederlandske stillinga. For å få hertugen over på si side, tilbaud keisaren Marlborough guvernørstillinga i Dei spanske Nederlanda. Det var eit freistande tilbod, men for å halde dei allierte samla, avslo han dette.[81] Til slutt tok England og Dei sameinte Nederlanda kontroll over dei nyerobra områda for resten av krigen, og sidan vart det underlagt direkte under Karl III, som førte til at nederlendarane vart tilbakehaldne.

Ved den øvre Rhinen hadde samstundes Villars vorte tvungen over på defensiven då bataljon etter bataljon vart send nordover for å støtte dei franske styrkane i Flandern. Han hadde no ikkje høvet til å gjenerobre Landau.[82] Andre gode nyhende for dei allierte kom frå Nord-Italia der prins Eugene den 7. september hadde nedslakta ein fransk arme føre hovudstaden i Piemote, Torino, og drive dei fransk-spanske styrkane ut av Nord-Italia. Berre frå Spania fekk Ludvig XIV gode nyhende, der António Luís de Sousa, 2. marki av Minas hadde vorte tvungen til å trekkje seg frå Madrid mot Valencia, og lete Filip V om ta attende hovudstaden sin den 4. oktober. Alt i alt hadde derimot situasjonen endra seg mykje og Ludvig XIV byrja å sjå etter høve for å ende det som hadde vorte ein kostbar krig for Frankrike. For dronning Anne hadde Ramillies-felttoget òg ein dominerande faktor – «No har me takket vere Gud så gode utsikter for fred.»[83] I staden for å halde fram sigersrekkja, byrja det allierte samhaldet å splittast, og dette let Ludvig XIV snu dei store tilbakeslaga i Torino og Ramillies.[84]

Tap endre

Ein kjenner ikkje til nøyaktig kor store tap franskmennene fekk, for kollapsen til den fransk-bayerske armeen var så komplett den dagen.[70] David G. Chandler’s Marlborough as Military Commander og A Guide to the Battlefields of Europe skriv at dei franske tapa var 12 000 døde og skadde, samt 7 000 fangar. James Falkner, i Ramillies 1706: Year of Miracles, skriv òg 12 000 døde og skadde og opp til 10 000 fangar. I The Collins Encyclopaedia of Military History, skriv Dupuy 8 000 døde og skadde og 7 000 fanga. John Millner sin Compendious Journal (1733) – er meir spesifikk, og gjev 12 087 døde og 9 729 til fange. I Marlborough skriv Correlli Barnett at det totale tapet kan vere så høgt som 30 000 – 15 000 døde og skadde og 15 000 tekne til fange. Trevelyan estimerer at Villeroi tapte 13 000, men legg til at desertering kan ha dobla dette talet. La Colonie skriv ikkje om tapa i sin Chronicles of an old Campaigner; men Saint-Simon nemner i Memoirs 4 000 drepne, og legg til at mange andre var skadde og viktige personar tekne til fange. Voltaire, skriv i Histoire du siecle du Louis XIV at franskmennene tapte tjue tusen mann.

Kjelder endre

Hovudkjelder endre

  • La Colonie, Jean Martin de. The Chronicles of an Old Campaigner, (trans. W. C. Horsley), (1904)
  • Goslinga, S. van (1857) Mémoires relatifs à la Guerre de succession de 1706-1709 et 1711, de Sicco van Goslinga, publiés par mm. U. A. Evertsz et G. H. M. Delprat, au nom de la Société d’histoire, d’archéologie et de linquistique de Frise, (Published by G.T.N. Suringar, 1857)
  • Saint-Simon. Memoirs, vol i. Prion Books Ltd., (1999). ISBN 1-85375-352-1

Sekundærkjelder endre

  • Barnett, Correlli. Marlborough. Wordsworth Editions Limited, (1999). ISBN 1-84022-200-X
  • Chandler, David G. A Guide to the Battlefields of Europe. Wordsworth Editions Limited, (1998). ISBN 1-85326-694-9
  • Chandler, David G. Marlborough as Military Commander. Spellmount Ltd, (2003). ISBN 1-86227-195-X
  • Reginald De Schryver, 'Who had sovereignty in the southern Netherlands during the den spanske arvefølgjekrigen (1700-1715)?' in: Recht en instellingen in de oude Nederlanden tijdens de middeleeuwen en de Nieuwe Tijd. Liber Amicorum Jan Buntinx, Leuven, (1981), s. 488-489.
  • Dupuy, R. E & Dupuy, T. N. The Collins Encyclopaedia of Military History 4th ed. HarperCollins Publishers, (1995). ISBN 0-06-270056-1
  • Falkner, James. Ramillies 1706: Year of Miracles. Pen & Sword Books Ltd, (2006). ISBN 1-84415-379-7
  • Gregg, Edward. Queen Anne. Yale University Press, (2001). ISBN 0-300-09024-2
  • Lynn, John A. The Wars of Louis XIV, 1667–1714. Longman, (1999). ISBN 0-582-05629-2
  • Trevelyan, G.M. England Under Queen Anne: Ramillies and the Union with Scotland. Longmans, Green and co., (1932)

Referansar endre

  1. All statistikk henta frå Falkner.
  2. Danmark var nøytrale gjennom krigen, men danske soldatar innleigd av Dei maritime maktene var sentrale i suksessen til dei allierte i både Blenheim og Ramillies.
  3. 3,0 3,1 Barnett: Marlborough, s. 140
  4. 4,0 4,1 Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 154
  5. Falkner: Ramillies 1706: Year of Miracles, s. 18
  6. Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 157
  7. Lynn: The Wars of Louis XIV, 1667–1714, s. 298
  8. Barnett: Marlborough, s. 152
  9. Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 164
  10. Barnett: Marlborough, s. 158
  11. Trevelyan: England Under Queen Anne: Ramillies and the Union with Scotland, s. 102.
  12. Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 169
  13. Barnett: Marlborough, s. 159
  14. 14,0 14,1 Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 168
  15. 15,0 15,1 Falkner: Ramillies 1706: Year of Miracles, s. 33
  16. Barnett: Marlborough, s. 160
  17. Falkner: Ramillies 1706: Year of Miracles, s. 38
  18. Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 170
  19. Trevelyan: England Under Queen Anne: Ramillies and the Union with Scotland, s. 103
  20. Saint-Simon: Memoirs, vol i, s. 298
  21. 21,0 21,1 Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 172
  22. Trevelyan: England Under Queen Anne: Ramillies and the Union with Scotland, s. 104
  23. 23,0 23,1 Barnett: Marlborough, s. 161
  24. Trevelyan: England Under Queen Anne: Ramillies and the Union with Scotland, s. 106
  25. 25,0 25,1 Barnett: Marlborough, s. 162
  26. Barnett: Marlborough, s. 163
  27. Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 173
  28. Falkner: The Wars of Louis XIV, 1667–1714, s. 50
  29. Falkner: Ramillies 1706: Year of Miracles, s. 51
  30. Chandler: A Guide to the Battlefields of Europe, s. 30
  31. 31,0 31,1 Lynn: The Wars of Louis XIV, 1667–1714, s. 304
  32. Falkner: The Wars of Louis XIV, 1667–1714, s. 55
  33. 33,0 33,1 Chandler: A Guide to the Battlefields of Europe, s. 31.
  34. Falkner: Ramillies 1706: Year of Miracles, s. 57
  35. La Colonie: The Chronicles of an old Campaigner, s. 306
  36. Falkner: Ramillies 1706: Year of Miracles, s. 61
  37. 37,0 37,1 La Colonie: The Chronicles of an old Campaigner, s. 309
  38. 38,0 38,1 38,2 Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 175
  39. Falkner: Ramillies 1706: Year of Miracles, s. 65
  40. Falkner: Ramillies 1706: Year of Miracles, s. 69
  41. Falkner: Ramillies 1706: Year of Miracles, s. 71
  42. 42,0 42,1 42,2 Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 176
  43. Trevelyan: England Under Queen Anne: Ramillies and the Union with Scotland, s. 109
  44. Falkner: Ramillies 1706: Year of Miracles, s. 75
  45. Falkner: Ramillies 1706: Year of Miracles, s. 77
  46. Falkner: Ramillies 1706: Year of Miracles, s. 78
  47. Trevelyan: England Under Queen Anne: Ramillies and the Union with Scotland, s. 113
  48. La Colonie: The Chronicles of an old Campaigner, s. 313
  49. Falkner: Ramillies 1706: Year of Miracles, s. 80
  50. Falkner: Ramillies 1706: Year of Miracles, s. 81
  51. Maison du Roi (Household Cavalry): The mounted elements of the French Maison du Roi at Ramillies consisted of the Gardes du Corps, the Royal Carabiniers, the Mousquetaires, the Compagnie des Grenadiers à Cheval and the Compagnie des Gens d’Armes.
  52. Falkner: Ramillies 1706: Year of Miracles, s. 82
  53. 53,0 53,1 53,2 Barnett: Marlborough, s. 168
  54. Falkner: Ramillies 1706: Year of Miracles, s. 85
  55. Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 177
  56. Falkner: Ramillies 1706: Year of Miracles, s. 87
  57. Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 177. Trevelyan kallar dette den avgjerande manøvren denne dagen.
  58. Trevelyan: England Under Queen Anne: Ramillies and the Union with Scotland, s. 116.
  59. Falkner: Ramillies 1706: Year of Miracles, s. 92
  60. Trevelyan: England Under Queen Anne: Ramillies and the Union with Scotland, s. 115
  61. Falkner: Ramillies 1706: Year of Miracles, s. 94
  62. Falkner: Ramillies 1706: Year of Miracles, s. 95
  63. 63,0 63,1 Falkner: Ramillies 1706: Year of Miracles, s. 98
  64. Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 178
  65. La Colonie: The Chronicles of an old Campaigner, s. 316
  66. Lynn: The Wars of Louis XIV, 1667–1714, s. 306
  67. 67,0 67,1 Falkner: Ramillies 1706: Year of Miracles, s. 102
  68. Trevelyan: England Under Queen Anne: Ramillies and the Union with Scotland, s. 118
  69. "Amiable Renegade: The Memoirs of Captain Peter Drake 1671-1753" s. 77-79
  70. 70,0 70,1 Falkner: Ramillies 1706: Year of Miracles, s. 105
  71. Barnett: Marlborough, s. 170
  72. Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 179
  73. Trevelyan: England Under Queen Anne: Ramillies and the Union with Scotland, s. 121
  74. Falkner: Ramillies 1706: Year of Miracles, s. 116
  75. Falkner: Ramillies 1706: Year of Miracles, s. 118
  76. Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 181. Lynn skriv 1. August
  77. 77,0 77,1 Lynn: The Wars of Louis XIV, 1667–1714, s. 308
  78. Falkner: Ramillies 1706: Year of Miracles, s. 119
  79. Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 182
  80. Trevelyan: England Under Queen Anne: Ramillies and the Union with Scotland, s. 132
  81. Trevelyan: England Under Queen Anne: Ramillies and the Union with Scotland, s. 135. Marlborough hadde likevel alltid eit håp om at han ein dag skulle verte guvernør i Dei spanske Nederlanda. Dette skapte mistanke mellom hertugen og nederlendarane.
  82. Lynn: The Wars of Louis XIV, 1667–1714, s. 309
  83. Gregg: Queen Anne, s. 216
  84. Lynn: The Wars of Louis XIV, 1667–1714, s. 312

Koordinatar: 50°38′19″N 4°54′46″E