Francesco Graziani
Francesco Graziani (fødd 16. desember 1952) er ein tidlegare italiensk fotballspelar og seinare -trenar frå Subiaco i Roma-provinsen i Italia. Han vart verdsmeister under VM i fotball 1982 i Spania, og vann seriegull med AC Torino i 1976.
Francesco Graziani i Torino-drakt | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Francesco Graziani | ||
Fødselsdato | 16. desember 1952 (71 år) | ||
Fødestad | Subiaco i Italia | ||
Høgd | 180 cm | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1972-1973 | Arezzo | 48 | (11) |
1973-1981 | Torino | 221 | (97) |
1981-1983 | Fiorentina | 52 | (14) |
1983-1986 | Roma | 57 | (12) |
1986-1988 | Udinese | 33 | (8) |
1988 | APIA Leichhardt | 2 | (0) |
Totalt | 413 | (142) | |
Landslag | |||
1975-1983 | Italia | 64 | (23) |
Trenar for | |||
1989-1990 | Fiorentina | ||
1990-1991 | Reggina | ||
1991-1992 | Avellino | ||
2001-2002 | Catania | ||
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Klubbspel
endreGraziani debuterte for Serie B-klubben Arezzo i 1970/71-sesongen. Sommaren 1973 vart han overført til Torino. I 1976 vart han italiensk meister med klubben. Året etter var han målkonge i den italienske serien med 21 mål på 30 kampar, klubben kom på sølvplass i serien. Etter 221 kampar og 97 mål forlet Graziani i 1981 Torino for å spele for Fiorentina.
Han spela to år for klubben frå Firenze. Åra 1983-86 spela han for Roma. Roma hadde i 1983 vunne Serie A, og Graziani fekk då høve til å vere med å spele klubben fram til finalen i Europacupen 1984. Finalen mot Liverpool FC gjekk på olympiastadion i Roma, og enda 1-1 etter ekstraomgangar. Den avgjerande straffetevlinga vann Liverpool med 4-2, Graziani var ein av Roma-spelarane som missa på straffe. Roma vart elles cupvinnar i Italia både i 1984 og -86. Han avslutta som aktiv fotballspelar i Italia med to sesongar, 1986-88, i Udinese. Sidan spela han ei tid for ein fotballklubb i Australia.
Landslagsspel
endreGraziani spela 64 landskampar for Italia mellom 1975 og 1983, skåra 23 mål på det italienske fotballandslaget. Han var med både VM i Argentina 1978 og under europameisterskapen i fotball 1980 i Italia. På heimebane i Napoli i juni 1980 skåra han Italia sitt mål i bronsefinalen mot Tsjekkoslovakia, ein kamp der det stod 1-1 etter ekstraomgangar, og der Italia tapte straffeskytinga med 7-8.
Graziani var med i fyrsteellevaren då Italia vart verdsmeistrar i Spania 1982, men vart skadd i finalen og forlet bana etter sju minuttars spel. Italia vann kampen i Madrid med 3-1 over Vest-Tyskland.
Merittar
endre- VM-gull 1982 for Italia
- Italiensk seriemeister 1986 med Torino
- Italiensk cupmeister 1984 og 1986 med AS Roma
- Sølvvinnar i Europacupen 1984 med AS Roma
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Francesco Graziani» frå Wikipedia på tysk, den 28. juni 2012.