Francesco Petrarca

(Omdirigert frå Francesco Petrarcha)

Francesco Petrarca (13041374) var ein italiensk diktar og humanist, rekna som stilskapande for den tidlege italienske renessansen. Han er ofte kalla humanismens far. Han er og rekna som far til det moderne italienske språket, i lag med Dante Alighieri. Petrarca var og ein av dei første som definerte «den mørke mellomalderen».

Francesco Petrarca

Fødd 20. juli 1304
Arezzo
Død 19. juli 1374 (69 år)
Arquà Petrarca
Yrke filosof, lyrikar, omsetjar, songtekstforfattar, skribent, fjellklatrer, sjølvbiograf, filolog, humanist, katolsk geistlig
Språk italiensk, latin, Renaissance Latin, middelalderlatin, middelalderitaliensk
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Far Petracco
Mor Eietta Canigiani
Ektefelle ingen verdi
Francesco Petrarca på Commons
Francesco Petrarca

Liv endre

Petrarca vart fødd i byen Arezzo i Toscana, ikkje langt frå Firenze. Han studerte juss i Bologna, og hadde god kontakt med pavehoffet i Avignon gjennom faren, som og var jurist. Han var oppteken av romersk historie, og mellom dei tidlege arbeida hans finn ein eit verk om den romerske borgarkrigen. Han var godt kjend med latin, og nyoppdaga ein bunke brev frå Cicero i 1345. Dette opna auga hans for eit nytt syn på klassisk latin. På grunnlag av slike funn, og ålmenn nyfikne, innsåg han at hans eiga tid hadde gløymt mykje av det som var gamalt, og såg det som ei oppgåve å gjera det gamle kjent att.

Petrarca hadde i røynda akta seg til å verte prest, men gav opp dette i 1327, etter at han hadde sett ei fager kvinne i Avignon. Dette var Laura de Noves, ei jente han vart hugteken av, og skreiv dei fleste av dikta sine til. Ho var alt gift med ein fransk adelsmann, men inspirerte Petrarca til ei lang rekkje stilskapande kjærleiksdikt (316 i alt).

Petrarca var glad i å reise, og var ein av dei mest farande forfattarane i samtida si. Han var i mange byar, i både Frankrike og Italia. Han reiste og mykje som sendemann og diplomat. Trass i at han var tilsett i kyrkja, vart han far til to born, ein son og ei dotter, som han sjølv fostra.

Han og dottera Francesca flytte til ei bygd utanfor Padova i 1368, og ho og familien hennar stelte for han dei siste åra han levde. Han døydde i huset sitt i 1374.

Verk endre

Petrarca er vel mest kjend for dikta sine, som danna skole i lang tid etter. Han skreiv mange sonettar, og er og rekna som stilskapande innan denne forma. Dei fleste dikta er skrivne til Laura de Noves, som både er historisk, og samstundes eit poetisk ideal. Ho ber det same namnet som laurbærkransen diktarane fekk i heidersløn. Petrarca sjølv var den første som vart heidra slik sidan antikken. Laura er ikkje oppnåeleg, og tykkjest vera eit av dei første døma på eit stilistisk kvinneideal av dette slaget i europeisk litteratur. Dikta vart utgjevne i samlinga Canzionere kring 1340. Tematikken byggjer på dei gamle høviske trubadur-visene frå mellomalderen.

Mykje av faglitteraturen sin skreiv han på latin. Her tok han opp ei rekkje emne, mykje knytt til klassisk litteratur og teologi. Han skreiv og ei rekkje verk som la grunnlaget for humanismen som tankeretning, og inspirerte seinare tenkjarar og historikarar i Italia. Namnet hans var òg hans eiga latinisering av namnet til faren, Petracco.

Det vart snart skrive musikk til dikta hans. Dei første italienske madrigalane vart skrivne over sonettane om Laura tidleg på 1500-talet, og dikta har inspirert til musikk langt opp i nyare tid.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre