Frank Filipetti er ein USA-amerikansk plateprodusent, lydteknikar og lydmiksar frå Bristol i Connecticut i USA. Filipetti vann fem Grammyprisar for arbeidet sitt med The Color Purple, The Book of Mormon, Wicked, Monty Python's Spamalot og Elton John and Tim Rice's Aida. Han var ein tidleg tilhengjar av digital innspeling.[1]

Frank Filipetti
FødestadBristol
OpphavUSA
Verka somaudioingeniør, musikkprodusent, komponist

Han har mellom anna miksa store hittar som Foreigner sin «I Want to Know What Love Is» og The Bangles sin «Eternal Flame». Filipetti var lydteknikar og produsent for Survivor-album Too Hot to Sleep frå 1988. Filipetti spelte òg inn og miksa album for Carly Simon, Barbra Streisand, Vanessa Williams, George Michael, 10.000 Maniacs, Korn, McAuley Schenker Group, Frank Zappa og James Taylor (Hourglass). Filipetti produserte, var lydteknikar og miksa, og vann to Grammy-prisar til i 1998 for beste lydtekniske album og beste popalbum for dette Taylor-albumet.

Filipetti er ein forkjempar for kringlyd og har laget ni 5.1/DVD-prosjekt, mellom anna for Billy Joel, Carly Simon, James Taylor og Meat Loaf. Han har spelt inn og miksa ei rekkje konsertalbum, inkludert Pavarotti and Friends-serien, Minnelli on Minnelli: Live at the Palace frå 1999, James Taylor sitt Live at the Beacon og seinast Elton John sitt One Night Only. Han har òg spelt inn album med originalbesetning for mellom anna A Funny Thing Happened on the Way to the Forum med Nathan Lane, den Grammy-vinnande Annie Get Your Gun og Tony Award-vinnande Aida.

Kjelder

endre
  1. «Frank Filipetti, mars 2001». Arkivert frå originalen 11. juli 2012. Henta 25. desember 2006.