Frederick Schwatka
Frederick Gustavus Schwatka (29. september 1849–2. november 1892) var ein amerikansk løytnant[1] i United States Army med grader i medisin og juss. Han var ein kjend utforskar av Nord-Canada og Alaska.
Frederick Schwatka | |||
| |||
Fødd | 29. september 1849 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Galena | ||
Død | 2. november 1892 | ||
Dødsstad | Portland i Oregon |
Bakgrunn
endreSchwatka var fødd i Galena i Illinois som son av Frederick Gustavus Sr. og Amelia (Hukill) Schwatka. Far hans Frederick G. Sr. (1810-1888) var fødd i Baltimore i Maryland som son av August og Catherine (Geissendorfer) Schwatke (den opphavlege tyske stavemåten av namnet, tyske lutheranske innvandrarar frå høvesvis Aust-Preussen (no Aust-Polen) og Bayern. Mora Amelia Hukill (1812-1885) var fødd nær Bethany i Brooke County i dagens Vest-Virginia, og var av engelsk og skotsk ætt. Då han var 10 år gammal flytta familien til Salem i Oregon. Schwatka blei seinare trykkarlærling i Oregon og student ved Willamette University.[2] Han blei teken inn ved United States Military Academy i West Point i 1867 og gjekk ut i 1871 for deretter å gjera teneste som annanløytnant i Third Cavalry i Dakota Territory. Han studerte juss og medisin samstundes, og blei teken opp av Bar association i Nebraska i 1875 og oppnådde ein grad i medisin frå Bellevue Medical College i New York same året.[3] I 1876 leia lt. Schwatka det fyrste kavaleriåtaket ved slaget ved Slim Buttes.
Leit etter Franklin-ekspedisjonen
endreI 1878–80 leia han, på førespurnad frå American Geographical Society, ein ekspedisjon til kanadisk Arktis for å leita etter dokumentasjon av medlemer av Franklins tapte ekspedisjon, som ein meinte kunne finnast på eller nær King William Island. Denne nye ekspedisjonen fekk støtte frå ulike forretningsfolk i New York, som Henry Grinnell, James Gordon Bennett og Charles Patrick Daly.[4]
Gruppa til Schwatka drog fyrst til Hudsonbukta på skonnerten «Eothen». Ho omfatta mellom anna William Henry Gilder som nestkommanderande; naturalisten og kunstnaren Heinrich W. Klutschak; den røynde sjømannen Frank E. Melms og Joe Ebierbing (Ipirvik), ein inuittisk tolk og guide som hadde hjelpt utforskaren Charles Francis Hall på hans leiting etter Franklin mellom 1860 og 1869.[4][5]
Gruppa gjekk i land på Depot Island i Hudsonbukta kring 16:00 den 7. august 1878.[6] Med hjelp frå andre inuittar drog ho nordover frå bukta «med tre sleder dregne av over førti hundar, relativt lite proviant, men ei stor mengd våpen og ammunisjon.»[a][7] Dei intervjua inuittar, vitja kjende eller trulege stader med spor etter Franklinekpedisjonen, og fann skjelettet etter ein av mannskapet til Franklin, identifisert som løytnant John Irving frå HMS «Terror». Sjølv om ekspedisjonen ikkje klarte å finne dokumentasjonen ein hadde håpa, uttalte Schwatka i ein tale ved ein middag halden til hans ære av American Geographical Society i 1880 at ekspedisjonen hans hadde utført «den lengste sledereisa nokon gong både med omsyn til tid og avstand»[b][8] på elleve månader og fire dagar og 2 709 mile (4 360 km), og at dette var den fyrste arktiske ekspedisjonen der europeisk-ætta utforskarar hadde levd på heilt den same dietten som inuittane.[9] Han blei også utført under nokre av dei kaldaste tilhøva ein polarekspedisjon hadde opplevd.[4]
Seinare karriere
endreI 1883 blei han sendt for å utforska Yukonelva av den amerikanske hæren. Følgjet hans gjekk over Chilkootpasset og bygde flåtar som dei flaut på ned til munningen av Yukonelva i Beringhavet. Undervegs gav dei namn til mange geografiske punkt. Reisa på over 1 300 mile (2 092 km) var den lengste dokumenterte flåteferda nokon hadde utført.[10] Ekspedisjonen til Schwatka uroa kanadiske styresmakter, som sendte ein ekspedisjon under George Mercer Dawson for å utforska Yukon i 1887. Etter å ha forlate hæren i 1885 leia Schwatka to private ekspedisjonar til Alaska, finansiert av William D. Boyce.[11] Han utførte også tre ekspedisjonar til Nordaust-Mexico og gav ut skildringar av sosiale skikkar og av flora og fauna i desse områda.[12]
Schwatka blei tildelt Roquette arktiske medalje av franske Société de Géographie, og ein medal frå dei keisarlege geografiske samfunnet i Russland. Han var æresmedlem av dei geografiske samfunna i Bremen, Genève og Roma.[13]
Verk
endreSchwatka gav ut bøker som Along Alaska's Great River (1885)[14] og The Search for Franklin (1882), gjenutgjeve i 1965 som The Long Arctic Search.
Død
endreHan døydde i Portland i Oregon i 1892, 43 år gammal. New York Times meldte at han døydde som følgje av ein overdose morfin tatt ved eit mistak.[1] Coconino Sun frå Coconino County (Flagstaff) i Arizona oppgav at han døydde gjennom sjølvmord ved hjelp av laudanum.[15] Schwatka blei gravlagd i Salem i Oregon.
Schwatka Lake i Whitehorse i Yukon er kalla opp etter han, det same gjeld Mount Schwatka i Alaska. Sidan 1960[16] har cruiseskipet MV «Schwatka» frakta passasjerar langs Yukonelva gjennom Miles Canyon til Schwatka Lake.[17]
Merknadar
endreKjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Lieutenant Schwatka's Death Accidental» (PDF). New York Times (New York). November 4, 1892. Henta March 5, 2008.
- ↑ Davis, Richard C. (September 1984). «Arctic Profiles: Frederick Schwatka. (1849- 1892)» (PDF). Arctic 37 (3): 302. doi:10.14430/arctic2209.
- ↑ Schwatka (1965), s. 14
- ↑ 4,0 4,1 4,2 Savitt, Ronald (2008). «Frederick Schwatka and the search for the Franklin expedition records, 1878–1880». Polar Record (på engelsk) 44 (3): 193–210. ISSN 1475-3057. doi:10.1017/S0032247407007140 – via Cambridge Core.
- ↑ Schwatka (1965), s. 13–15
- ↑ Ferguson, Robert (2017). Arctic Harpooner: a Voyage on the Schooner Abbie Bradford, 1878-1879 (på engelsk). Paul Quinn, Leslie Dalrymple Stair (Reprint 2016 utg.). Philadelphia: University of Pennsylvania Press. s. 37. ISBN 978-1-5128-1583-2. OCLC 979781461.
- ↑ Savours (1999), s. 301
- ↑ Schwatka (1965), pp.115–116
- ↑ Schwatka (1965), s. 116
- ↑ Sandler (2006), s. 247–48
- ↑ Petterchak (2003), pp. 9–10
- ↑ Sandler (2006), s. 248
- ↑ Wilson, J. G.; Fiske, J., red. (1900). «Schwatka, Frederick». Appletons' Cyclopædia of American Biography. New York: D. Appleton.
- ↑ «Review of Along Alaska's great river by Frederick Schwatka». Science VII (164): 294. 26 March 1886.
- ↑ Ash, Susan L. (Pinky) Rogers (1975). The Coconino Sun, subject index, 1892. Northwestern Arizona University Library. Henta September 1, 2008.
- ↑ Scott, John D. (1981). A Life in the Yukon. Whitehorse. s. 118–122.
- ↑ «MV Schwatka». Yukon Alaska Tourist Tours. Henta 18. mars 2010.
- Denne artikkelen bygger på «Frederick Schwatka» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mai 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Petterchak, Janice A. (2003). Lone Scout: W. D. Boyce and American Boy Scouting. Rochester, Illinois: Legacy Press. ISBN 0-9653198-7-3.
- Sandler, Martin (2006). Resolute: The Epic Search for the Northwest Passage and John Franklin, and the Discovery of the Queen's Ghost Ship. New York: Sterling Publishing Co. ISBN 978-1-4027-4085-5
- Savours, Ann (1999). The Search for the North West Passage. New York: St. Martin's Press. ISBN 0-312-22372-2
- Schwatka, Frederick (1965). The Long Arctic Search. Ed. Edouard A. Stackpole. New Bedford, Mass.: Reynolds-DeWalt
Bakgrunnsstoff
endreBøker
endre- Coleman, E.C. (2006). The Royal Navy in Polar Exploration from Franklin to Scott. Tempus Publishing
- Schwatka, Frederick (1885). Along Alaska's Great River. New York: Cassell & Company
- Schwatka, Frederick (1894). A Summer in Alaska. St Louis, Missouri: J.W. Henry
- Schwatka, Frederick (1886). Children of the Cold. New York: Cassell & Company
- Schwatka, Frederick (1893). In the Land of Cave and Cliff Dwellers. New York: Cassell & Company
- Schwatka, Frederick (1885). Nimrod in the North. New York: Cassell & Company
Artiklar
endre- Schwatka, Frederick. "Among the Apaches", Century Magazine, Vol. XXXIV (May 1887)