Laudanum er ein opium-tinktur, det vil seia eit opiat oppløyst i alkoholhaldig drikke, nokre gonger tilsett søtstoff, og då kalla for opiumsvin.

Laudanumflaske.

Historie endre

 
Beata Beatrix (1872) av Dante Gabriel Rossetti. Den kvite valmuen representerer laudanum, som modellen til biletet Elizabeth Siddal hadde døydd av.

På 1500-talet eksperimenterte den sveitsiske legen og alkymisten Paracelsus med den medisinske nytten av opium. Han slo fast at den medisinske verdien som smertestillande var av slik storleiksorden at han kalla det «laudanum »etter latin laudare, «å prisa», eller frå labdanum, eit omgrep for eit planteekstrakt. Han kjende ikkje til dei vanedannande eigenskapane til stoffet, som kan leia til avhengnad.

På 1800-talet blei laudanum brukt i mange patentmedisinar for å «lindra smerte... som sovemiddel... til å lindra irritasjon... til å kontrollera vidtgåande sekret... til å støtta systemet... [og] som eit sveittedrivande middel».[1] Dei avgrensa apotekarbøkene på den tida hevda at opium var blant dei mest verknadsfulle av tilgjengelege behandlingar, og såleis blei laudanum omfattande gjeve på resept for lidingar frå forkjøling til hjernehinnebetennelse til hjartelidingar, både for vaksne og barn. Laudanum blei også nytta ved epidemiar av gulfeber.

Dei romantiske og viktorianske periodane var prega av ein utbreidd bruk av laudanum i Europa og i USA. Opphavleg var det eit rusmiddel for dei lågare klassane, ettersom laudanum var billigare enn ei flaske brennevin fordi det blei rekna som ein medisin og dermed ikkje skattlagt slik alkohol vart det. Kunstnarar og litterære storleikar som brukte laudanum var mellom anna:

Politiske figurar som brukte laudanum var mellom anna George Washington, William Wilberforce og Meriwether Lewis.

Ei rekkje viktorianske kvinner blei gjevne laudanum som avlasting for menstruasjonskrampe og vage smerter. I tillegg blei stoffet brukt estetisk for å oppnå den bleike hudfargen som også vart assosiert med tuberkulose. Ein skrøpeleg bleikheit var eit estetisk kvinneideal på denne tida. Sjukepleiarar gav også laudanum med skei til nyfødde. Den prerafaelittiske musa Elizabeth Siddal døydde av ein overdose laudanum, noko også mange andre nytta til sjølvmord, mellom anna Mary Wollstonecraft si dotter Fanny Imlay.

Kjelder endre