Fredric Holen Bjørdal

norsk politikar

Fredric Holen Bjørdal (fødd 9. mars 1990) er ein politikar for Arbeidarpartiet, fødd og oppvaksen i Ørsta. Han er stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal sidan 2013.

Fredric Holen Bjørdal

Fødd9. mars 1990 (34 år)
Volda kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
YrkePolitikar og jurist
Alle verv

Bjørdal har studert psykologi både ved NTNU i Trondheim og ved Universitetet i Oslo. I tillegg har han studert planlegging og administrasjon ved Høgskulen i Volda. Han arbeidde som miljøterapeut i BUFetat region Midt-Norge fram til han vart vald inn på Stortinget. Tidlegare har han vore miljøarbeider i Ørsta kommune og i Trondheim kommune.

Bjørdal var leiar av AUF i Møre og Romsdal 2009-10, og deretter sentralstyremedlem i AUF dei to neste åra. Den 22. juli 2011 var han til stades på Utøya i TyrifjordenAnders Behring Breivik drap 68 personar.

Under nominasjonen til Møre og Romsdal Arbeidarparti vinteren 2012 fekk han andreplassen på stortingslista, og var dermed rimeleg trygg på å verte vald inn på Tinget. I stortingsperioden 2013-17 var han den yngste stortingsrepresentanten. Han er den fyrste frå Ørsta kommune som har teke sete på Stortinget sidan Peter Kjeldseth Moe slutta si stortingsgjerning i 1973.

Bjørdal er son til ein industriarbeidar.

Bjørdal var medlem av arbeids- og sosialkomiteen frå 2013-2017, og finanskomiteen frå 2017-2021. Han var òg medlem av Arbeidarpartiet sitt gruppestyre og arbeidsutval.[1] I august 2020 varsla han at han ikkje ville stille til attval til Stortinget for ein ny valperiode.[2]

Frå hausten 2021 er Bjørdal advokatfullmektig i Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz AS, med kontor i Ålesund og Ørsta.[3]

Kjelder endre

  1. «Biografi: Bjørdal, Fredric Holen», Stortinget (på norsk), 9. mars 2008, henta 21. oktober 2021 
  2. Strand, Geir (24. august 2020), «(+) Aps Fredric Holen Bjørdal trekker seg fra politikken», smp.no, henta 21. oktober 2021 
  3. «Bytter ut Løvebakken med Ålesund og Ørsta: – Et naturlig valg for meg», advokatwatch.no (på norsk), 21. oktober 2021, henta 21. oktober 2021