Fredrik Haslund (27. februar 189930. desember 1961) var ein norsk politikar og aktivist som var aktiv i arbeidarrørsla, i Arbeidarpartiet og som sekretær i Arbeidarpartiets stortinggruppe. Han er særleg kjend for å ha leidd den såkalte Gulltransporten under den tyske invasjonen av Noreg i april 1940, som frakta dei norske gullreservane til tryggleik i Storbritannia.

Fredrik Haslund
Fødd27. februar 1899
Rygge, Moss kommune
Død30. desember 1961 (62 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet

Haslund var utdanna ingeniør i Tyskland. Etter avslutta eksamen vende han tilbake til Noreg i 1921 med langt framskriden tuberkulose. Under Den spanske borgarkrigen var han aktiv i Den norske hjelpekomiteen for Spania. Saman med Karl Evang, Albert Raaen og Neimi Lagerstraum var han Spaniakomiteen sin representant under arbeidet med skipinga av Norsk Folkehjelp i 1939. Han var òg kontorsjef i Tiden Norsk Forlag. I 1937 vart han sekretær i Arbeidarpartiets stortinggruppe.

Andre verdskrigen

endre

Då tyskarane invaderte Noreg 9. april 1940 følgde Haslund med stortingsmedlemmane under evakueringa til Elverum. Etter at Elverumsfullmakta vart vedteken og Stortinget oppløyst, valde han å følgja med kongen, kronprinsen og regjeringa vidare som sjåfør og ordonnans. 17. april vart han utpeikt til å leia evakueringa av den norske gullbehaldninga til Storbritannia av finansminister Oscar Torp. Gullreservane var då allereie ført i mellombels tryggleik i lokala til Norges Bank på Lillehammer.[1] At ein faktisk lukkast med å bringa gullet til Storbritannia må i stor grad tilskrivast handlekraft til Haslund og evna hans til å improvisera.

Gullet vart frakta med tog til Åndalsnes, der Haslund møtte syster si, Nini Haslund Gleditsch, og mannen hennar Kristian Gleditsch. Begge følgde med gulltransporten vidare til Tromsø, Kristian Gleditsch etterkvart som nestkommanderande til Haslund.

Den 20. mai 1940 følgde Haslund med dei siste 18 tonna gull over til Storbritannia ombord i kryssaren HMS «Enterprise».

Då det seinare same sommar vart vedteke å bringa gullreservane vidare til USA, stod Haslund saman med Ole Colbjørnsen for planlegginga av transporten i samarbeid med Bank of England. Den 15. juni følgde han delar av gullbehaldninga over Atlanterhavet, ombord på MS «Bomma». Skipet kom Baltimore den 28. juni.

Etter å ha følgt gullet til Federal Reserve Bank of New York og Bank of Canada i Ottawa og avgitt rapport til norske styresmakter, vart Haslund verande i USA. Under resten av krigen leidde han velferdsarbeidet for norske sjømenn i USA. I 1947 vart han velferdssjef for den norske handelsflåten.

Litteratur

endre
  • Nini og Kristian Gleditsch: Glimt fra kampårene, Dreyer, 1954
  • Nini Haslund Gleditsch: Vær utålmodig, menneske, Gyldendal, Oslo, 1980
  • Asbjørn Øksendal: Gulltransporten, Aschehoug, Oslo, 1974
  • Per Arnt Harnes: Gulltransporten – dramaet dag for dag, Romsdal sogelag, 2006

Kjelder

endre
  1. Øksendal, Asbjørn (1974). Gulltransporten 9. april 1940. Aschehoug. ISBN 82-03-06336-5.