Koalisjonsregjering

Ei koalisjonsregjering er ei regjering der ministerpostane er fordelt på ulike politiske parti. Ei koalisjonsregjering kan vere både ei mindretalsregjering og ei fleirtalsregjering.

Korleis oppstår koalisjonsregjeringar? endre

Fleire parti kan gå saman i valkampen før eit val og seie at dei vil danne ei koalisjonsregjering viss dei får fleirtal i nasjonalforsamlinga saman. Dette var tilfellet i Noreg før Stortingsvalet 2005, der Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet sa dette. Og då desse tre partia fekk fleirtal i Stortinget, og regjeringsforhandlingane etter valet gav grunnlag for eit samarbeid, vart Regjeringa Stoltenberg II skipa.

Men ei koalisjonsregjering kan også oppstå i mange andre situasjonar.

Til dømes etter eit val: Viss det viser seg at ikkje noko enkelt parti har fått fleirtal i nasjonalforsamlinga, og det heller ikkje er nokon avklara fleirtalskoalisjon, vil partia forhandle, og til slutt blir oppdraget om å danne regjering gjerne gitt til det eller dei partia, som har størst sjanse til å vinne støtte for politikken sin i nasjonalforsamlinga. Det kan då bli både ei mindretalsregjering av eitt parti, eller ei koalisjonsregjering av fleire parti med til saman eit mindretal eller eit fleirtal.

Men ei koalisjonsregjering kan også bli danna i andre situasjonar. Ved Stortingsvalet 1981 vart det eit borgarleg fleirtal, og resultatet av forhandlingane vart at Kåre Willoch si regjering vart danna, då som ei mindretals rein Høgreregjering. Som mindretalsregjering var den avhengig av støtte frå Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet i Stortinget. Krf ville ikkje gå med i regjeringa på grunn av haldninga si til abortlova. Det var likevel eit ynske frå mange å få til ei fleirtalsregjering, og 8. juni 1983 vart regjeringa utvida til ei koalisjonsregjering mellom Høgre, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet. Etter Stortingsvalet 1985 mista desse tre partia fleirtalet sitt i Stortinget og Framstegspartiet hamna i vippeposisjon. Regjeringa heldt fram som ei mindretalsregjering fram til 8. mai 1986. Ho måtte då gå av etter eit kabinettspørsmål i Stortinget om auka bensinavgifter.

Mindretalsregjering og fleirtalsregjering endre

Koalisjonsregjeringar finst som ovanfor nemnt både som mindretalsregjeringar og fleirtalsregjeringar. Ei fleirtalsregjering sit i utgangspunktet trygt fordi den har over halvparten av representantane i nasjonalforsamlinga bak seg. Den kan likevel bli felt eller gå i oppløysing viss det utviklar seg politiske eller personlege motsetnader i koalisjonen. Per Borten si regjering, ei fleirtals koalisjonsregjering, gjekk i 1971 i oppløysing mest på grunn av indre politiske motsetnader, hovudsakleg knytt til EU-saka.

Partigrunnlag endre

Partisamarbeidet i ein koalisjon kallar ein partigrunnlaget. Kjell Magne Bondevik si andre regjering sitt partigrunnlag var Høgre, KrF og Venstre. Dette var ei mindretalsregjering. Den noverande regjeringa, Jens Stoltenberg si andre regjering, er også ei koalisjonsregjering. Dette er derimot ei fleirtalsregjering, partigrunnlaget her er Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet.