Fredrik Schiørn
norsk prest og stortingsmann
Fredrik Sigismund Schiørn (15. august 1830–13. desember 1908) var ein norsk prest og stortingsmann frå Skedsmo.
Fredrik Schiørn | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. august 1830 Skedsmo kommune |
Død |
13. desember 1908 (78 år) |
Yrke | politikar, prest |
Språk | norsk |
Schiørn var son til ein offiser. Han vart student i 1848 og cand. theol. i 1854. Deretter var han lærar på Kongsberg og privatlærar i Rødenes, frå 1859 personalkapellan i Balestrand. Frå 1868 til 1883 var han sokneprest i Varteig, sidan var han sokneprest i Våle i Vestfold. Også medlem av forlikskommisjonen i Våle frå 1889.
Schiørn representerte Sarpsborg på Stortinget 1880-82 og 1883-85. I begge periodane var han medlem av protokollkomiteen. Han slutta seg til Høgre då dette partiet vart skipa i 1884.
Schiørn døydde i Tønsberg i 1908.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Fredrik Schiørn NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv