Fredrik Wandrup

norsk journalist og forfattar

Fredrik Wandrup (fødd 1. mars 1951) er ein norsk journalist og forfattar. Han har arbeidd som journalist i Dagbladet sidan 1976, der han har arbeidd som mellom anna utanriksreporter og featureskribent. I tillegg har han meldt bøker, teikneseriar, film og musikk. I dag er han ansvarleg litteraturdekninga i avisa.

Fredrik Wandrup
Fredrik Wandrup.JPG
Fødd 1. mars 1951 (69 år)
Yrke skribent, journalist, biograf

Som forfattar har Wandrup skrive fleire biografiar, mellom andre om Jens Bjørneboe, Olaf Bull og kronprins Haakon. Han er tilhengar av James Bond, og har også skrive ein «guide» til han og verda hans, James Bond: mannen som erobret det tyvende århundret. Hausten 2006 debuterte han som romanforfattar med kriminal-/spenningsromanen Svart poker om reklamemannen Benjamin Brenner, som motvillig vert innblanda i planlegginga av eit ran, og seinare vert driven på flukt til Kambodsja og Vietnam. Wandrup sjølv kallar boka «en noir-inspirert blanding av Tintin og Tarantino».[1]

BibliografiEndra

  • Jens Bjørneboe: mannen, myten og kunsten, biografi (Gyldendal, 1984)
  • Jukebox: Rocktekster i utvalg, lyrikk (saman med Rolf Lie, Bokklubbens lyrikkvenner, 1985)
  • Oslo sett fra luften, flyfoto (saman med Tor Selstad, Mortensen, 1986)
  • Olaf Bull og hans samtid: en uro som aldri dør, biografi (Gyldendal, 1995)
  • Haakon: Et portrett av kronprinsen som ung mann, biografi (Gyldendal, 1998)
  • James Bond: mannen som erobret det tyvende århundret, om James Bond (Gyldendal, 1999)
  • Tom Martinsen/Rolf M. Aagaard, biografi (medforfattar, Labyrinth Press, 2003)
  • Svart poker, kriminal-/spenningsroman (Aschehoug, 2006)

PrisarEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra