Fredsmonumentet i Karlstad

Fredsmonumentet er ei statue på Stora Torget i Karlstad i Värmland til minne om Unionsoppløysinga av unionen mellom Noreg og Sverige i 1905. Statuen er laga av Ivar Johnsson og vart avduka 23. september 1955. Tilstades ved avdukinga var dåverande Kronprins Olav og Sveriges konge Gustav VI Adolf. Statua står like ved Frimurarlosjen der avtalen om unionsoppløysing vart skriven under. Initiativet til reising av statuen kom frå Värmlandskretsen av Foreningen Norden.

Fredsmonumentet i Karlstad

Kart
Fredsmonumentet i Karlstad
59°22′51″N 13°30′09″E / 59.38083333°N 13.5025°E / 59.38083333; 13.5025

Statua er laga i bronse og forestiller ein triumferande kvinneskapnad som står med den eine foten på eit soldathovud og i hendene har ho eit brukke sverd. Til statua var det òg 2 figurar i granitt som heldt respektive Noregs og Sveriges riksvåpen. Desse vart i 1995 plasserte utanfor Frimuranlosjen.

På sokkelen står følgjande innskrift i gull:

Rest av Värmlänningar 1955
femtio år efter svensk-norska unionens fredliga upplösning
Fejd föder folkhat, fred främjar folkförståelse

Statuen blir av mange oppfatta som stygg og upassande og det er fleire som opp igjennom åra har villa fjerne han.

Kjelder

endre
  • Upptäck konsten i Karlstad, 4. opplag, 2011

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Fredsmonumentet i Karlstad
  • Rodell, Magnus: Det brutna svärdet: minne, monument och unionsupplösning, Karlstad University Press, Karlstad 2005 (swe). ISBN 91-85335-76-2. Libris 10001536.