Frikorps

(Omdirigert frå Freikorps)

Frikorps (tysk Freikorps) var opphavleg ei nemning på friviljuge militsar. Det første frikorpset vart oppretta av Fredrik II av Preussen under sjuårskrigen, og tilsvarande einingar vart òg brukte mellom anna under Napoleonskrigane. Regulære styrkar stolte ikkje på evnene og disiplinen til frikorpsa, og dei vart difor mest brukte til vakthald og rutinearbeid.

Etter fyrste verdskrigen oppstod ein nye type frikorps: private, paramilitære grupper i all hovudsak sette saman av veteranar frå fyrste verdskrigen med eit høgreorientert politisk syn. Mange av soldatane var sterkt desillusjonerte etter det knusande nederlaget i 1918, og etter det dei oppfatta som ein audmykande fredsavtale. Dolkestøtlegenden, det vil seie oppfattinga av at politikarane i den seinare Weimarrepublikken hadde dolka det tyske folket i ryggen da dei inngjekk avtalen, stod sentral for fleire av medlemmane. Mange gjekk inn i frikorps av di dei ville stogga kommunismen. Det var ei rekke militsar som gjekk under samlenemninga frikorps.

Tysklands sosialdemokratiske forsvarsminister, Gustav Noske, var positivt innstilt til frikorpsa, og nytta dei til å slå ned spartakistoppreisten i Berlin og Den bayerske sovjetrepublikken i 1919. I samband med førstnemnde vart Rosa Luxemburg og Karl Liebknecht avretta av frikorpsa.

Fleire frikorpsgrupper deltok òg i kampar i Baltikum, Schlesien og andre delar av Preussen etter fyrste verdskrigen. I Oberschlesien spelte dei ein stor rolle i dei nasjonale kampane mot polske separatistar. Ved fleire høve hadde dei framgang mot regulære styrkar, noko som ikkje er overraskande ettersom størsteparten av medlemmane hadde lang fronterfaring.

I 1920 vart frikorpsa offisielt oppløyste, men mange av gruppene fortsette som nettverk av politisk likesinna. I mars same året var fleire tidlegare medlemmer med under Kapp Putsch, eit mislykka kuppforsøk. Frikorpsmedlemmar stod òg bak det politiske drapet på Tysklands utanriksminister Walther Rathenau.

Nokre medlemmer gjekk inn i NSDAP, og enkelte leiande personar i partiet, som Ernst Röhm, Heinrich Himmler og Rudolf Höss, hadde ei fortid i frikorpsa. Dei fleste blei likevel ståande utanfor under Det tredje riket. Mange av dei spurde seg kvar Adolf Hitler hadde vore i 1919–1920, da frikorpsa kjempa mot kommunistane. Hitler hadde da akkurat byrja sin politiske karriere som leiar for det som da var eit svært lite parti i München. Kommandanten for frikorpsa, Hermann Erhardt, og hans nestkommanderande Eberhard Kautter, nekta å ta del i ølkjellarkuppet, og konspirerte mot kuppmakarane.