Spellemannprisen 2010

Spellemannprisen 2010 vart delt ut i Oslo Spektrum i Oslo laurdag 5. mars 2011.

Ved påmeldingsfristen 30. november 2010 var det påmeldt 711 utgjevingar.[1] Ut frå desse vart dei nominerte til 21 sjangerklassar plukka ut og offentleggjort 17. januar. 11. februar vart dei nominerte til årets musikkvideo offentleggjort, medan dei nominerte til årets hit vart offentleggjort den 18. februar. Prisvinnarane vert bestemt av juryar, med unntak av årets musikkvideo og årets hit der publikum røystar fram vinnaren. Nytt av året var klassene årets fan og årets innovatør. Årets fan vart utdelt på TV 2 dagen før sjølve utdelinga medan årets innovatør vart utdelt av Spotify og skjedde under sjølve utdelingen. Dei nominerte for desse klassene vart offentleggjort den 25. februar. For fyrste gong vart det også utdelt to prisar i klassa årets musikkvideo; ein til artisten og ein til regissøren.

Prisutdelinga vart overført same kvelden på TV 2 med Solveig Kloppen og Ivar «Ravi» Johansen som programleiarar. Kloppen og Johansen var også programleiarar året før.

Vinnarar

endre
Klasse Artist Tittel Plateselskap
Kvinneleg artist Ingrid Olava The Guest Universal Music
Mannleg artist Thom Hell All Good Things Voices Music and Entertainment
Popgruppe Kråkesølv Bomtur til jorda Kråkesølv Plateselskapet / Grand Sport Records
Elektronika Lindstrøm & Christabelle Real Life Is No Cool Smalltown Supersound
Samtidsmusikk Edvin Østergaard Die 7. Himmelrichtung Lawo Classics
Rock Kvelertak Kvelertak Indie Recordings
Blues Billy T Band L.O.V.E. (Just a Silly Notion) Big H Records
Country Ida Jenshus No Guarantees Universal Music
Metal Enslaved Axioma Ethica Odini Indie Recordings
Hip-hop Lars Vaular Helt om natten, helt om dagen Cosmos Music Group
Folkemusikk/gammaldans Unni Boksasp Ensemble Keramello Øra Fonogram
Danseorkester Ole Ivars Stjerneklart Tylden & co
Jazz Elephant9 Walk the Nile Rune Grammofon
Klassisk musikk TrondheimSolistene In Folk Style Lindberg Lyd / 2L
Viser Narum Ælt som var søkk borte Warner Music Norway
Open klasse Jaga Jazzist One-Armed Bandit Universal Music
Barneplate Rasmus og Verdens Beste Band Puppan te pappa MBO / MBN
Årets samtidskomponist Nils Henrik Asheim Mazurka – remaking Chopin Lawo Classics
Årets populærkomponist Susanne Sundfør The Brothel EMI Music Norway
Årets tekstforfattar Erik Fosnes Hansen Neste stasjon Grorud Daworks Records
Årets nykomar Kvelertak Kvelertak Indie Recordings
Årets hit MadCon «Glow»
Årets musikkvideo Yoga Fire «Superkul med kniv» regi: Thomas Gretland
Regissør årets musikkvideo Thomas Gretland «Yoga Fire - Superkul med kniv»
Årets fan Anne Lise Kasenborg D.D.E.
Årets innovatør Lars Vaular [2]
Årets Spellemann Karpe Diem Aldri solgt en løgn Cosmos Music Group
Heiderspris a-ha
Produsentpris Stargate

Nominerte

endre

Kvinneleg artist:

  • Christel AlsosTomorrow is (Sony Music)
  • Ida MariaKatla (Nightliner/Universal Music)
  • Ingrid OlavaThe Guest (Universal Music)
    • Susanne Sundfør var også nominert med albumet The Brothel , men trekte seg fordi ho er kritisk til at mannlege og kvinnelege artistar vert vurderte kvar for seg.[3]

Mannleg artist:

Popgruppe:

  • deLillosHjernen er alene i Operaen (Warner Music Norway)
  • I Was A KingOld Friends (Hype City Recordings/Voices Music and Entertainment)
  • KråkesølvBomtur til jorda (Kråkesølv Plateselskapet/Grand Sport Records)
  • MadconCONtraband (Cosmos Music Group)

Elektronika:

Samtidsmusikk:

Rock:

Blues:

Country:

Metal:

  • EnslavedAxioma Ethica Odini (Indie Recordings)
  • IhsahnAfter (Tuba Records/Candlelight)
  • ShiningBlackjazz (Indie Recordings)
  • SolefaldNorrøn livskunst (Indie Recordings)

Hip-hop:

Folkemusikk/Gammaldans:

Danseorkester:

  • FurulundsEkte Diamant (Tylden & co)
  • Ole IvarsStjerneklart (Tylden & co)
  • SognsEi enkel rose (Tylden & co)

Jazz:

Klassisk musikk:

Viser:

Open klasse:

Barneplater:

Tekstforfattar:

  • Erik Fosnes HansenNeste stasjon Grorud (Daworks Records)
  • Ingrid OlavaThe Guest (Universal Music)
  • Odd NordstogaNovember (Sonet/Universal Music)
  • Susanne SundførThe Brothel (EMI Music Norway)
    • Bare Egil Band var også nominert for tekstane til albumet I fyr og flamme, men trekte seg fordi han var «nominert saman med ei rekkje kvinnfolk». Han vedgjekk at han gjorde dette for å få mest mogleg PR, og lurte i bloggen sin på om det var mogleg å få nominasjonen attende dersom han ikkje fekk merksemd rundt stuntet.[4]

Populærkomponist:

Samtidskomponist:

Årets nykomar:

Årets musikkvideo:

Årets hit:

Årets innovatør:

Årets fan:

Kjelder

endre

Referansar

endre