Friidrettsutøvaren Anders Hoff

norsk friidrettsutøvar og trenar

Anders Hoff (fødd 18. januar 1956) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Hitra i Sør-Trøndelag som vart noregsmeister 1977 i sleggjekast, og i tillegg vann fem sølv- og fire bronsemedaljar i same øvinga i tida 1977-86. I den same perioden tok han også ein sølvmedalje og to bronsemedaljar i diskoskast i NM-tevlingar. Han var medlem i IL Trond og sidan Minerva.

Anders Hoff
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. januar 1956 (68 år)

Med eit kast på 63,14 meter, 10 cm kortare enn hans ferske personbeste, overraska Hoff med å vinne sleggjetevlinga under friidretts-NM på Lillehammer i 1977. NM-gullet vart hans einaste, ettersom Richard Olsen var den nasjonale einaren i øvinga i åra kringom 1980.

Etter at han la opp, var Hoff norsk landslagstrenar for kastøvingane frå 1986 til 1993. Mellom andre han ansvar for karar som Lars Arne Nilsen og Georg Andersen, to utøvarar som hausta heider og kom i vanry.

Medaljar i noregsmeisterskap

endre

Personlege rekordar

endre
  • Diskoskast: 58,62 m (1981)
  • Sleggjekast: 68,22 m (1981)

Kjelder

endre