Richard Olsen (fødd 19. april 1958) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Lyngdal i Vest-Agder. Han var noregsmeister i sleggjekasting 1978-83 og 1988. Olsen var medlem i Lyngdal IL til 1979, deretter Kamp-Vestheim 1980-81, Tønsberg FIK 1982-86 og IK Tjalve 1987-89.

Richard Olsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. april 1958 (65 år)
Lyngdal
Idrett friidrett
Utmerkingar

Kongepokal

Aktiv endre

19 år gammal sette Olsen personbeste med 63,44 meter før han vann bronsen i noregsmeisterskapen 1977. I mai og juni 1978 forbetra han den personlege rekorden i napp og rykk frå 63,80 m til 64,34 m til 67,78 m, den siste i landskamp mot Nederland, fattige 6 cm under noregsrekorden til Arild Busterud. I ein firelandskamp i Praha 18. juni sette Olsen norsk rekord med eit kast på 68,82 meter. Seinare i sesongen vart han norsk meister for fyrste gong. Han fekk delta i EM i friidrett 1978 der han med 68,56 m vart 16. mann i kvalifiseringa.

Våren 1979 forbetra Olsen i USA sin norske rekord til fyrst 71,20 m og så til 72,18 meter den 13. april då han sigra i eit stemne i Knoxville i delstaten Tennessee. OL-sesongen 1980 flytta Olsen noregsrekorden til 74,06 m i Fresno i delstaten California den 10. mai. Sin siste rekord sette han 14. juni 1980 under den nordamerikanske studentmeisterskapen i Walnut i California. Med rekordkastet på 74,46 meter vart han andremann i sleggjetevlinga. Til Sommar-OL 1980 kom han inkje, ettersom Noreg boikotta leikane i Moskva.

Olsen deltok i EM i friidrett 1982 og VM i friidrett 1983, i begge meisterskapane utan å kvalifisere seg til finale. Han vart nummer 17 med 69,78 m i Aten-EM og nummer 21 med 68,58 m i Helsinki-VM. Under NM i friidrett 1983 vart Olsen norsk meister for sjette året i rad og tildelt kongepokalen for vinnarkastet på 71,06 meter.

Etter 1983 kasta Olsen aldri over 65 meter. Han sikra seg likevel NM-medaljar i øvinga: bronse i 1984, sølv i 1986, og i 1988 gull. Hans norske rekord på 74,46 meter gjaldt til Eivind Henriksen i 2011 slengde sleggja 74,59 m.

Olsen har sidan bytta namn til Richard Avani Ribe.

Kjelder endre