Friidrettsutøvaren Chris Brown
Christopher Deon Brown (fødd 15. august 1978) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Bahamas, spesialist på 400 meter. Han vann åtte VM-/OL-medaljar med Bahamas sitt lag i 4 x 400 meter stafett, gullmedaljen under verdsmeisterskapen 2001 i Edmonton og under Sommar-OL 2012 i London. Brown sin personlege rekord på 44,40 sekund er frå Bislett stadion i Oslo 6. juni 2008.
Chris Brown | |
Statsborgarskap | Bahamas |
Fødd | 15. oktober 1978 (46 år) Eleuthera |
Idrett | friidrett, friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Friidrett under Sommar-OL 2016, Samveldeleikane 2002, Samveldeleikane 2006, Sommar-OL 2016 |
Aktiv
endreBrown fekk si fyrste OL-medalje ved Friidrett under Sommar-OL 2000 dei olympisk leikane i Sydney, ein bronsemedalje i 4 x 400 m stafett. Året etter vart han verdsmeister for Bahamas, etter at USA sitt lag fleire år i ettertid fekk annullert prestasjonen sin. Deretter sanka Brown og Bahamas stafettsølv i tre verdsmeisterskap i rad: 2003, 2005, 2007. Også i Sommar-OL 2008 vann Bahamas sølv i 4 x 400 m stafett. I dei neste sommarleikane, i London 2012, vart Brown olympisk stafettmeister. Han avslutta med stafett-bronse under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro.
Trass i at Brown tilhøyrde verdseliten på 400 meter i ei ti års tid, lukkast han aldri å vinne ein medalje i dei aller største internasjonale tevlingane. Han enda opp som fjerdemann i 400-meterfinalen både ved VM 2005 i Helsinki, VM i friidrett 2007 i Osaka, samt OL 2008 i Beijing. Nærast medalje kom han i Beijing, der han var fire hundredels sekund for seint i mål. Året etter vart han femtemann på distansen i VM 2009 i Berlin. Også i London OL 2012 sprang Brown inn til fjerdeplassen på 400 m. Derimot lukkast han vinne 400-meteren ved hall-VM 2010 i Doha, ei tevling med langt tynnare deltaking enn i ordinære utandørsmeisterskap.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- OL 2000 i Sydney: Bronse i stafett. Utslått i kvartfinalane på 400 m (45,76=nr 25)
- VM 2001 i Edmonton: Gull i stafett. Utslått i forsøket på 400 m (46,01=nr 27)
- VM 2003 i Paris: Bronse i stafett. Utslått i semifinalen på 400 m (45,29=nr 15)
- OL 2004 i Aten: Utslått i semifinalen på 400 m (45,31=nr 11)
- VM 2005 i Helsinki: Nr 4 på 400 m – 44,48. Sølv i stafett
- VM 2007 i Osaka: Nr 4 på 400 m – 44,45. Sølv i stafett
- OL 2008 i Beijing: Nr 4 på 400 m – 44,84. Sølv i stafett
- VM 2009 i Berlin: Nr 5 på 400 m – 45,47
- VM 2011 i Daegu: Utslått i semifinalen på 400 m (45,54=nr 12)
- OL 2012 i London: Gull i stafett. Nr 4 på 400 m – 44,79
- VM 2013 i Moskva: Utslått i semifinalen på 400 m (45,18=nr 10)
- VM 2015 i Beijing: Utslått i semifinalen på 400 m (45,09=nr 19)
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Bronse i stafett. Utslått i forsøket på 400 m (45,56=nr 17)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Chris Brown (sprinter)» frå Wikipedia på engelsk, den 27. juni 2022.
Bakgrunnsstoff
endre- «Chris Brown» (på engelsk). olympedia.org. Henta 13. februar 2023.