Friidrettsutøvaren Torstein Dahle

Torstein Dahle (fødd 14. september 1960) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Bergen som vart norsk meister i tresteghopp i 1981, 1984 og 1985. Han var medlem i Fana Idrettslag til 1983, sidan representerte han IL i BUL.

Torstein Dahle
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. september 1960 (63 år)
Idrett friidrett

Karriere endre

Dahle hoppa personbeste 15,34 meter i 1981-sesongen, året då han også vann sitt fyrste NM-gull. Dei neste to åra forbetra han sitt personbeste tresteghopp til høvesvis 15,60 m i 1982 og 15,97 m i 1983, begge resultata var norske årsbeste. Den 19. juni 1985 i svenske Växjö sette Dahle personleg rekord med 16,20 meter, han vart då den fjerde nordmannen som hoppa over 16 meter i øvinga. Under NM i friidrett 1985 landa han på 16,38 m, men grunna for sterk medvind fekk han ikkje godkjent sitt livs lengste tresteghopp som personbeste.

Medaljar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre