FriluftshusetOrre i Rogaland er Jæren friluftsråd sitt informasjonssenter for friluftsliv og naturvern.

Friluftshuset på Orre
Foto: Jarle Vines

Huset blei bygd i 1987 og utvida i 1992. 16. desember 1999 brann senteret ned til grunnen, men blei bygd opp igjen i same stil og opna på nytt den 16. mars 2002.

Friluftshuset har blitt eit regionalt kultursenter med kunstutstillingar og konsertar. I huset er det også temautstillingar om natur, friluftsliv og medieprogram som kombinerer naturbilde, poesi og musikk. Huset blei teikna av arkitekten Per Line.

Fast utstilling

endre

I senteret er det ei fast utstilling som gir opplysningar om Jærstrendene, landskapsvernområde og om kva moglegheiter ein har til å drive eit aktivt friluftsliv på Jæren.

Bakgrunnsstoff

endre