Frits
mannsnamn
(Omdirigert frå Fritz)
Frits og Fritz er mannsnamn opphavleg danna som kortform av Friedrich. Friz kan også vera eit slektsnamn. Frits har norsk namnedag den 10. oktober.
Namnet Fritz er særs utbreidd i den tyskspråklege verda, og er blitt brukt som kallenamn på tyskarar generelt. Under første verdskrigen var det eit kallenamn på tyske troppar, slik Tommy var det for britiske. Etter andre verdskrigen sokk bruken av namnet i mellom anna Noreg, truleg som reaksjon på den tyske okkupasjonen.
I 2009 var det 621 nordmenn som heitte Fritz og 292 som heitte Frits.
Namneberarar
endre- Fritz Arlberg (1830-1896), svensk songar, operaregissør og komponist
- Frits Adam Fredrik Christian Hansen (1841-1911), norsk skulemann og politikar
- Frits Thaulow (1847–1906), norsk målar
- Fritz Wedel Jarlsberg (1855–1942), norsk jurist og diplomat
- Fritz Haber (1868–1934), tysk kjemikar og nobelprisvinnar
- Fritz Busch (1890-1951), tysk dirigent
- Friedrich Christian Anton «Fritz» Lang (1890–1976), austerriksk-amerikansk filmskapar
- Fritz Glarner (1899-1972), sveitsisk-amerikansk målar
- Fritz Carl Rieber (1903-1978), norsk føretaksmann
- Fritz Cremer (1906-1993), tysk bilethoggar
- Fritz Geissler (1921-1984), tysk komponist
- Fritz Røed (1928–2002), norsk kunstnar
- Fritz Huitfeldt (f. 1939), norsk politikar
Kjelder
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Frits hjå Statistisk Sentralbyrå
- Denne artikkelen bygger på «Fritz» frå Wikipedia på svensk, og «Fritz» frå Wikipedia på tysk den 9. oktober 2009.