Fritz Carl Rieber

Fritz Carl Rieber (fødd 7. juni 1903 i Bergen, død 6. februar 1978 i Bergen) var ein norsk forretningsmann og industrieigar. Han gjorde familiebedrifta, Rieber & Søn A/S, til ei av dei største i Bergen på 1900-talet, kjempa for å betre trafikktilhøva i Bergen og var blant dei som tok initiativ til Det norske ArboretMilde og Grieghallen.

Fritz Carl Rieber

Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. juni 1903
Bergen
Død

6. februar 1978 (74 år)
Bergen

Yrke forretningsdrivande
Fritz Carl Rieber på Commons

Rieber & Søn endre

Han studerte ved Bergens Handelsgymnasium og tok eksamen her i 1921. Seinare studerte han ved Oxford University, og då faren Fritz Carl Rieber døydde i 1928 tok han over leiinga i firmaet, som han dreiv til han døydde. Farfaren Paul Gottlieb Lebrecht Rieber hadde starta firmaet med eddikproduksjon og seinare steinhoggeri og kalkfabrikk. Etter kvart satsa firmaet på næringsmidlar, byggevarer og vegdekke.

I tida under Fritz Rieber vart firmaet eit internasjonalt konsern med hovudvekt på næringsmidlar. I 1948 starta han Toro-fabrikken. Toro-fabrikken blei seinere flytta til Rognaldsvåg i Flora kommune.[treng kjelde]

Næringsliv endre

Fritz Rieber var aktiv i fleire næringsorganisasjonar i Bergen og sette spor etter seg på fleire område i samfunnslivet. Frå 1955 til 1961 var han president i Bergens Handelskammer, samt at han var medlem i kommunikasjonsutvalet i Bergens Handelsforening. Her ivra han for betre kommunikasjonstilhøve i Bergen. Mellom anna var han pådrivaren for bygginga av Puddefjordsbrua mellom Bergen sentrum og Laksevåg og Eidsvågtunnelane frå Sandviken til Åsane. Dette medverka til å knyte byen tettare til det som då var nabokommunane til Bergen. I tillegg var han med på å effektivisere jernbanesambanda, særleg gjennom «Rieber-planen» frå 1955 der Ulrikstunnelen gjennom Ulriken vart bygd i 1964.

Mindre velukka var initiativet til å få oppretta Bergens Saneringsinstitutt der føremålet var å sanere busetnaden i eldre bydelar og erstatte han med nyare bygg. Aktive rørsler sette seg imot og ønskte å bevare dei gamle trehusstrøka i Bergen.

I 1970-åra var Fritz Rieber medverkande til tanken om ein ny konsertsal som kunne nyttast under dei årlege festspela. Resultatet vart Grieghallen som opna i 1978, same år Rieber døydde. Han prøvde òg å få samla dei ulike næringsorganisasjonane i Bergen, men dette skjedde først i slutten av 1980-åra då Bergen Næringsråd vart oppretta.

Gåver endre

Fritz Rieber og firmaet hans har gjeve fleire gåver, midlar og legatar til Bergen. I 1960-åra tok han initiativ til å få bygd eit arboret i Fana. I 1976 vart det derfor avdekt eit bronserelieff av Fritz C. Rieber på Arboretet. I 1989 feira Rieber og Søn 150 årsjublieum og gav då 10 000 rhododendronbuskar til byen, som vart planta langs innfarsårene til byen. I 1990 fekk ein av desse vegane namnet Fritz C. Riebers veg.

Kjelder endre