Opna hovudmenyen

Fritz Røed (15. august 192820. desember 2002) var ein norsk kunstnar og bilethoggar, fødd på BryneJæren.

Fritz Røed
Fødd 15. august 1928
Bryne
Død

20. desember 2002
Villa Faraldi

Yrke bilethoggar

Innhaldsliste

KunstEndra

Røed er kjend for nyskapande, ofte muntre skulpturar som han gjerne måla. Sverd i fjell, til minne om samlinga av Noreg, er truleg det best kjende kunstverket hans, og pregar heile landskapet der det står ved Møllebukta i Hafrsfjord. Elles er verk av Røed brukt til å utsmykka fleire norske byar. Han er særleg representert i Bryne, med statuar av Arne Garborg og Veslemøy. I Bryne sentrum ligg òg Fritz Røed Skulpturpark, som blei opna i oktober 2004 og inneheldt ti skulpturar av kunstnaren, mellom andre Lita søndagsprinsesse.

Kunstnaren blei mellom anna påverka av Adam Fischer og Jean Osouf.

Nokre kjende verkEndra

LivssogeEndra

Røed blei fødd i Bryne sentrum. Han flytta til Oslo med familien sin då han var ungdom, og utdanna seg ved Statens håndverks- og kunstindustriskole og Statens kunstakademi. Deretter studerte han ved Akademiet i København i København (1951) og Académie de la Grande Chaumière i Paris (1952). Han debuterte på Haustutstillinga i 1956.

Frå 1970-talet budde Røed i den italienske kunstnarkolonien Villa Faraldi i Liguria, der han skulle leva livet ut, men med årlege opphald i Mexico og Noreg.

BakgrunnsstoffEndra