Opna hovudmenyen

Frode Thingnæs

norsk jazzmusikar

Frode Thingnæs (fødd 20. mai 1940 i Nore, død 15. november 2012) var ein norsk jazzmusikar (trombone), komponist, arrangør og orkesterleiar, utdanna ved Det kgl. musikkonservatorium i Danmark. Han spelte (1959-) i eit orkester leidd av Bjørn Jacobsen, Gunnar Brostigen, Mikkel Flagstad og Kjell Karlsen, han leidde eigne besetningar (1961-) og medverka på ei rekkje utgjevingar med Egil Kapstad, Terje Rypdal, Laila Dalseth, Espen Rud, Bjørn Alterhaug og Per Husby. Han blei nær engasjert i Count Basie-storbandet (1975).

Frode Thingnæs
Fødd20. mai 1940
FødestadNore
Død15. november 2012
DødsstadOslo
OpphavNoreg
Sjangerjazz
Instrumenttrombone
Verka somkomponist, dirigent, orkesterleiar, jazzmusikar
Gift medAnne-Karine Strøm, Marianne Mørk
PrisarKongens fortenestmedalje, Spellemannprisen i jazz, Kardemommestipendiet, Buddyprisen

pop-fronten bidrog han ei tid i Popol Ace, samt dirigerte Kringkastingsorkesteret. Han skreiv (med Philip Kruse) musikken til Melodi Grand Prix-bidraga Hvor er du? (1974) og Mata Hari (1976), begge framført av Anne-Karine Strøm. Thingnæs var òg dirigent og medverkande i Forsvarets Stabsmusikkorps og i over 30 år dirigerte han Kampen Janitsjarorkester.

Thingnæs komponerte mykje, og er kanskje mest kjend for Wheels, samt Flåklypa-balletten (1985) på Den Norske Opera. Vidare har han produsert plater, bl.a. for Bodega Band (1977). Han gav ut langspelplata Watch what happens (Gemini Records) med Henryk Lysiak, Jan Erik Kongshaug, Pete Knutsen, Steffen Stokland, Svein Christiansen og Terje Gewelt. I den seinare tida leia han ein kvintett med Harald Gundhus.

Prisar og utmerkingarEndra

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra