Frogner gamle kyrkje

kyrkje i Sørum i Akershus

Frogner gamle kyrkje er ei langkyrkje frå ca. 1180 i Lillestrøm kommune i Akershus fylke. Byggverket er i stein og har 90 sitjeplassar.

Frogner gamle kyrkje
kyrkje
Frogner gamle kyrkje
Foto: Mahlum
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Borg
Prosti Nedre Romerike
Sokn Frogner
Fellesråd Sørum
Type Langkyrkje
Teknikk Mur
Material Stein
Innvigd Ca. 1180
 - Endringar 1918 (brann), 1981 (rest.)
Kyrkjegard Ved kyrkja, som er tett attmed nykyrkja
Preikestol Treskurd v/brødr. Ullersmo, måling Egil Dahlin
Døypefont Bjarne Korsmo e. fonten i Løken kyrkje
Altartavle Treskurd v/brødr. Ullersmo, måling Egil Dahlin og Gunnar Strøm
Sitjeplassar 90
Kart
Frogn gamle kyrkje
60°01′14″N 11°06′17″E / 60.02062222°N 11.10483611°E / 60.02062222; 11.10483611
Wikimedia Commons: Frogner gamle kyrkje
Frogner gamle kyrkje før brannen
Foto: Ukjent/Riksantikvaren

Kyrkja brann i 1918, og dateringa byggjer på ei runeinnskrift som vart funnen på branntomta. Ny kyrkje vart oppført og vigsla i 1925, og mot slutten av 1930-åra byrja ein arbeidet med å setje i stand gamlekyrkja. Det tok mange år, men kyrkja var visstnok klar rundt 1977. Likevel vart ho vigsla først i 1981.

Mykje av teiknearbeidet i samband med innreiinga vart utført av Bjarne Hvoslef, medan Karl Ekstrøm gjorde mykje av snekkerarbeidet.

Bakgrunnsstoff endre

  Denne kyrkjeartikkelen som har med Viken å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.