Fulehuk fyrstasjon

(Omdirigert frå Fulehuk fyr)

Fulehuk fyrstasjon er eit fyr som ligg på skjeret Fulehuk på vestsida av Oslofjorden som det austlegaste punktet i Færder kommune i Vestfold.

Fulehuk fyrstasjon

Fulehuk fyr, om lag 1920.
FylkeVestfold
KommuneFærder
Oppretta1821
Koordinatar59°10.5385′N 10°35.9563′E / 59.1756417°N 10.5992717°E / 59.1756417; 10.5992717
Fyrtårn
Høgd3,8
FormRaudt tårn med to kvite belte
Fyrlys
LyskarakterOkkulterande blink kvart 6. sekund
Lyshøgd10,0 moh.
Lysvidde6,8 nm
Status
EigarNøtterøy kommune
Nedlagt1989
VernestatusIkkje freda
Kart
Fulehuk fyrstasjon
59°10′31″N 10°35′57″E / 59.17527778°N 10.59916667°E / 59.17527778; 10.59916667
Fulehuk fyrstasjon is located in Vestfold
Plasseringa til Fulehuk fyrstasjon

Fyrlykta vart tent 1. november 1821. I 1841 vart fyret det første i landet med tåkeklokke. Klokka vart bytta ut både i 1879 og 1885, den siste gangen på grunn av eit havari på skjeret. I 1912 vart det sett opp eit naust, og fyret fekk elektrisitet i 1938. I 1989 vart Fulehuk fyr sløkt og erstatta av Hollenderbåen fyrlykt.

Den opphavlege fyrvaktarbygningen var bygd av stein og var på ein etasje. I 1910 vart fyret påbygd med ein etasje i tre. Fulehuk står ikkje på Riksantikvaren si liste over verneverdige fyrstasjonar. I periodar budde òg fyrvaktarane sine familiar på fyret.

I 2005 kjøpte Nøtterøy kommune fystasjonen Fulehuk av Kystverket. Ei veneforeining, Fulehuks Venner, har tatt på seg ansvaret for vedlikehaldet av stasjonen.

Stadnamnet Fulehuk endre

Opphavet til stadnamnet Fulehuk er omstridd. Det kjem truleg frå nederlandsk (Vuile Hoek = Det farlege neset), og har då ikkje noko med fuglar å gjere. Den språklege parallellen i norsk er ordet ful, som tyder skummel.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Andre kjelder endre