Hollenderbåen fyr

Hollenderbåen fyr er eit fyr som ligg midt i Oslofjorden i Færder kommune i Vestfold. Fyret er eit av dei nyaste i landet og vart sett i drift kring 1990.

Hollenderbåen fyr
FylkeVestfold
KommuneFærder
Oppretta1990
Koordinatar59°09.6400′N 10°37.4120′E / 59.1606667°N 10.6235333°E / 59.1606667; 10.6235333
Fyrtårn
Høgd29,8
FormLyktehus på søyle
Fyrlys
LyskarakterTre okkulterande glimt kvart 10. sekund
Lyshøgd18,6 moh.
Lysvidde12,5 nm
Kart
Hollenderbåen fyr
59°09′38″N 10°37′34″E / 59.1606°N 10.626°E / 59.1606; 10.626
Hollenderbåen fyr is located in Vestfold
Plasseringa til Hollenderbåen fyr

Fyret erstatta Fulehuk fyr. Hollenderbåen er eit heilautomatisk fyr og står i samband med Kystverket sin sjøtrafikksentral i Horten som overvaker skipstrafikken i Oslofjorden. Kamera på Hollenderbåen er eit viktig verktøy i denne oppgåva.

Hollenderbåen er mykje nytta som rundingsmerke i samband med seglasar.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Andre kjelder endre