Opna hovudmenyen

Fulvio Collovati

italiensk fotballspelar

Fulvio Collovati (fødd 9. mai 1957) frå er ein tidlegare fotballspelar frå Teor i provinsen Udine i Italia. Han vart verdsmeister med Italia i 1982 og vann både cup- og seriemeisterskap med Milan. Collovati var midtstoppar.

Fulvio Collovati
Fulvio Collovati.jpg
Personleg informasjon
Fødselsdato 9. mai 1957 (62 år)
Fødestad Teor i Italia
Høgd 182 cm
Posisjon Forsvarsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1976-1982 Milan 158 (4)
1982-1986 Inter 109 (3)
1986-1987 Udinese 20 (2)
1987-1989 Roma 45 (1)
1989-1993 Genoa 72 (0)
Totalt 404 (10)
Landslag
1979-1986 Italia 50 (3)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

KlubbspelEndra

Collovati spela i Milan frå 1976/77-sesongen og opplevde å verte italiensk cupmeister allereie i debutsesongen. To år seinare vart han italiensk seriemeister med klubben. Sesongen 1980/81 spela han sin einaste sesong i Serie B, ei fylgje av at Milan vart flytta ned som straff for si rolle i kampfiksingsaka Totonero. Etter seks sesongar i Milan gjekk han sommaren 1982 over til byrivalen Inter, der han spela fram til 1986. Sidan var han ein sesong i Udinese og to sesongar i Roma. Sommaren 1989 gjekk ferda vidare til Genoa. Collovati spela knappe fire sesongar i Genova, innan han la skorne på hylla som 35-åring. Til saman spela han 368 kampar i Serie A og skåra åtte mål.

LandslagsspelEndra

Collovati debuterte på Italia sitt landslag i februar 1979, på heimebane i Milano vann Italia 3-0 over Nederland i ein vennskapslandskamp. Året etter var han på laget då Italia under EM i fotball 1980, på heimebane kom på fjerdeplass etter å ha tapt straffetevlinga 7-8 for Tsjekkoslovakia. Collovati utgjorde midtstopparduoen saman med Gaetano Scirea då Italia sommaren 1982 vart verdsmeistrar med 3-i i finalen over Vest-Tyskland under VM i fotball 1982 i Spania. Han var òg med i troppen til VM i fotball 1986 i Mexico. Der fekk han einast eit innhopp som innbytar i kampen mot Sør-Korea, hans 50. og siste opptreden i den italienske landslagstrøya. Collovati skåra tre landslagsmål, alle i 1980 og 1981.

MerittarEndra

  • VM-gull 1982 for Italia
  • EM-firar i 1980 for Italia
  • Italiensk seriemeister 1979 med Milan
  • Italiensk cupmeister 1977 med Milan

KjelderEndra