Omnfuglar
Omnfuglar, Furnariidae, er ein familie med om lag 300 artar av sporvefuglar i subtropisk og tropisk Sentral-Amerika og Sør-Amerika.
Omnfuglar | |
Brunstammeløpar, Margarornis rubiginosus | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av Omnfuglar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Omnfuglar Furnariidae G. R. Gray, 1840 |
Dette er ei mangearta gruppe av fuglar som har fått namnet etter den omnliknande forma på reira gjort av leire hos artane i slekta Furnarius. Likevel har dei fleste artane i familien reir inne i hòl (tunnelar) i bakken eller i bergsprekker. Alle artane har overdekt reir. Dei legg opptil seks lysblåe, lysgrøne eller kvite egg som vert ruga mellom 15 og 22 dagar, og ungane forlèt reiret etter 13 - 20 dagar.
Omnfuglar er små til mellomstore fuglar, storleiken varierer frå 9 til 35 centimeter i lengd. Kvar einskild art kan vere spesialisert for ein habitattype, til saman dekkjer dei praktisk talt alle neotropiske habitat, alt frå byparkar med haciendaomnfugl til tropisk lågland i Amazonas med sine mange lauvgranskarar til tempererte golde Andesfjella som har fleire artar av tunnelfuglar. Ved kystane finst to bergkallar (cinclodes), fjærebergkall og brottbergkall.
Taksonomi
endreSlektene av omnfuglar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]
- Slekt Sclerurus
- Slekt Geositta, 11 artar av tunnelfuglar
- Slekt Certhiasomus, flekkstrupetreløpar, Certhiasomus stictolaemus, Spot-throated Woodcreeper, LC, Pelzeln, 1868
- Underfamilie Dendrocolaptinae, 16 slekter av treløparar
- Slekt Berlepschia, palmekrypar, Berlepschia rikeri, Point-tailed Palmcreeper, LC, Ridgway, 1886
- Slekt Microxenops, rusthalemeiskrypar, Microxenops milleri, Rufous-tailed Xenops, LC, Chapman, 1914
- Slekt Pygarrhichas, kvitbryststammeløpar, Pygarrhichas albogularis, White-throated Treerunner, LC, King, 1831
- Slekt Ochetorhynchus
- Slekt Pseudocolaptes
- Slekt Premnornis, rustvengpiggstjert, Premnornis guttuliger, Rusty-winged Barbtail, LC, Sclater, 1864
- Slekt Tarphonomus
- Slekt Furnarius
- Slekt Lochmias, straumkrypar, Lochmias nematura, Sharp-tailed Streamcreeper, LC, Lichtenstein, 1823
- Slekt Phleocryptes, sivkrypar, Phleocryptes melanops, Wren-like Rushbird, LC, Vieillot, 1817
- Slekt Limnornis, brunryggrøyrkrypar, Limnornis curvirostris, Curve-billed Reedhaunter, LC, Gould, 1839
- Slekt Geocerthia, stripemarkløpar, Geocerthia serrana, Striated Earthcreeper, LC, Taczanowski, 1875
- Slekt Upucerthia
- Slekt Cinclodes, 15 artar av bergkallar
- Slekt Anabazenops
- Slekt Megaxenops, stormeiskrypar, Megaxenops parnaguae, Great Xenops, LC, Reiser, 1905
- Slekt Cichlocolaptes, bleikbryntrejeger, Cichlocolaptes leucophrus, Pale-browed Treehunter, LC, Jardine & Selby, 1830
- Slekt Heliobletus, greinjeger, Heliobletus contaminatus, Sharp-billed Treehunter, LC, Berlepsch, 1885
- Slekt Philydor
- Slekt Anabacerthia
- Slekt Syndactyla
- Slekt Ancistrops, heklenebb, Ancistrops strigilatus, Chestnut-winged Hookbill, LC, Spix, 1825
- Slekt Clibanornis, krattkrypar, Clibanornis dendrocolaptoides, Canebrake Groundcreeper, NT, Pelzeln, 1859
- Slekt Hylocryptus
- Slekt Hyloctistes, stripeskogjeger, Hyloctistes subulatus, Striped Woodhaunter, LC, Spix, 1824
- Slekt Automolus
- Slekt Thripadectes
- Slekt Premnoplex
- Slekt Margarornis
- Slekt Aphrastura
- Slekt Sylviorthorhynchus, halmstjert, Sylviorthorhynchus desmursii, Des Murs's Wiretail, LC, Des Murs, 1847
- Slekt Leptasthenura, 10 artar av nålstjertar
- Slekt Phacellodomus
- Slekt Hellmayrea, kvitbrynstifthale, Hellmayrea gularis, White-browed Spinetail, LC, Lafresnaye, 1843
- Slekt Anumbius, kvistsamlar, Anumbius annumbi, Firewood-gatherer, LC, Vieillot, 1817
- Slekt Coryphistera, lerkekrattløpar, Coryphistera alaudina, Lark-like Brushrunner, LC, Burmeister, 1860
- Slekt Asthenes, 27 artar av korgfuglar og tistelstjertar
- Slekt Acrobatornis, rosenfotgraveteiro, Acrobatornis fonsecai, Pink-legged Graveteiro, VU, Pacheco, Whitney & Gonzaga, 1996
- Slekt Metopothrix, gullpanne, Metopothrix aurantiaca, Orange-fronted Plushcrown, LC, Sclater & Salvin, 1866
- Slekt Xenerpestes
- Slekt Siptornis, brillemeisklatrar, Siptornis striaticollis, Spectacled Prickletail, LC, Lafresnaye, 1843
- Slekt Roraimia, raudbrynpiggstjert, Roraimia adusta, Roraiman Barbtail, LC, Salvin & Godman, 1884
- Slekt Thripophaga
- Slekt Limnoctites, gråryggrøyrkrypar, Limnoctites rectirostris, Straight-billed Reedhaunter, NT, Gould, 1839
- Slekt Cranioleuca, 20 artar av stifthalar
- Slekt Pseudasthenes
- Slekt Spartonoica, sumpkrypar, Spartonoica maluroides, Bay-capped Wren-Spinetail, NT, D'Orbigny & Lafresnaye, 1837
- Slekt Pseudoseisura
- Slekt Schoeniophylax, stråstjert, Schoeniophylax phryganophilus, Chotoy Spinetail, LC, Vieillot, 1817
- Slekt Certhiaxis
- Slekt Synallaxis, 36 artar av stifthalar
Kjelder
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Ovenbird (family) frå Engelsk Wikipedia .
Referansar
endre- ↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Bakgrunnsstoff
endre- Xeno-Canto.org: Lydopptak av omnfuglar
- Videoar med omnfuglar