Fylkesveg 83

veg i Troms
Fylkesveg 83
83
Strekning
Langvassbukt i KvæfjordHarstad
Fylkesveg 83
Informasjon
Lengd 45,5 km
Status fylkesveg
Ferjestrekningar 1
Tilstøytande vegar
Fylkesveg 83 Fylkesveg 83
Sjå òg fylkesveg 83 (fleirtyding)

Fylkesveg 83 (Fv83) går mellom Langvassbukt i Kvæfjord kommune og Harstad kommune. Vegen følgjer Gullesfjorden til Flesnes, ferje over fjorden til Revsnes, så Gullesfjorden og Kvæfjorden til Gåra, og over Kvæfjordeidet til Harstad.

Vegen heitte tidlegare riksveg 850. Før 1. januar 2010 var vegen del av riksveg 83.

Mellom Langvassbukt og Flesnes er vegen til dels rasfarleg, og ein del av strekninga (Bogklubben) er smal og dårleg. Når vegen er stengd, går ferja mellom Revsnes og beredskapsferjeleiet på Forøysætran ved Langvassbukt.

I oktober 2007 starta bygginga av Kvæøysambandet opp, med skogrydding og masseuttak ved Salen på Hinnøya.[1] I samband med bygginga av Kvæøysambandet blei riksveg 83 ved Salen senka 3 meter.

Kommunar og knutepunkt endre

  Troms endre

Kvæfjord kommune
  •   Langvassbukt
  •   Beredskapsferjeleie Forøysætran (når vegen til Flesnes er stengd)
  • Fv102 frå Flesnes til Holand (3,8 km)
  •   Ferje frå Flesnes
  • til Refsnes (1 tur/time, 30min)
  • Fv104 frå Refsnes til Forholtneset (3,9 km)
  • Fv105   Kvæøybrua (370 m) frå Salen til Hundstad på Kvæøya
  • Fv14 frå Straumen til Sørvik i Harstad kommune (21,0 km)
  • 849 Gåra
Harstad kommune
  • Fv10 frå Åsegarden til Sørli (8,8 km)
  •   867 Bergseng

Kjelder endre

  1. Statens vegvesen: Kveøyforbindelsen realiseres[daud lenkje] (18. september 2007)

Bakgrunnsstoff endre