Huset Tudor

(Omdirigert frå Fyrstehuset Tudor)

Huset Tudor var eit britisk kongehus av walisisk opphav. Monarkar frå dette huset regjerte over England frå 1485 til 1603, då det blei etterfølgd av huset Stuart.

Tudorrosen, som kombinerer den kvite rosa til huset York og den raude til huset Lancaster.

Dynastiet omfatta mellom anna Henrik VIII, som innførte reformasjonen i England, og Elisabeth I. Dynastiet blei avslutta då Elizabeth døydde i 1603 utan tronarvingar. Gjennom hemmelege forhandlingar med fetteren sin Jakob, som var konge av Skottland (og hadde ei oldemor frå Tudor-huset), sørga dronning Elizabeth for at huset Stuart etterfølgde henne på den engelske trona, noko som samtidig sameinte kongedøma England og Skottland i ein personalunion.

Dei fem Tudor-monarkane var:

Sja òg endre

Kjelder endre