Opna hovudmenyen
Monument til dei siste stuartane i Peterskyrkja utført av Antonio Canova (1757–1822).

Huset Stuart eller Stewart var eit skotsk, og seinare britisk, fyrstehus av normannisk opphav. Namnet stammar frå den gamle skotske tittelen High Steward. Maria Stuart tok i bruk den franske skrivemåten Stuart då ho budde i Frankrike.

Huset Stuart herska i Skottland i 336 år, frå 1371 til 1707. Etter at Elisabeth I av England, den siste monarken frå huset Tudor, døydde, kom huset Stuart på trona òg i England og Irland, og styrde dei tre kongerika i personalunion mellom 1603 og 1707. I denne perioden kalla herskarane av huset Stuart seg for kongar og dronningar av Storbritannia, sjølv om ein stat med dette namnet endå ikkje eksisterte. Dronning Anne var den første monarken som herska over eit sameint Storbritannia, frå 1707 til ho døydde i 1714. Etter ho døydde vart huset Stuart etterfølgd av huset Hannover på trona.

Innhaldsliste

RegentarEndra

Skotske monarkarEndra

Bilde Namn Frå Til Tilhøve til forgjengar
  Robert II 22. februar 1371 19. april 1390 nevø[1] av David II av Skottland som døydde utan arvingar. Mora til Robert, Marjorie Bruce, var dotter av Robert I av Skottland.
  Robert III 19. april 1390 4. april 1406 son av Robert II
  Jakob I 4. april 1406 21. februar 1437 son av Robert III
  Jakob II 21. februar 1437 3. august 1460 son av Jakob I
  Jakob III 3. august 1460 11. juni 1488 son av Jakob II
  Jakob IV 11. juni 1488 9. september 1513 son av Jakob III
  Jakob V 9. september 1513 14. desember 1542 son av Jakob IV
  Maria Stuart 14. desember 1542 24. juli 1567 dotter av Jakob V

Skotske, engelske og irske monarkarEndra

Bilde Namn Frå Til Tilhøve til forgjengar
  Jakob VI av Skottland
og
Jakob I av England
24. juli 1567
and
24. mars 1603
27. mars 1625 son av Maria I av Skottland og Henry Stuart, Lord Darnley. Konge av Skottland 1567–1603, til han arva tittelen konge av England og Irland, med krava til den franske trona, frå Huset Tudor.
  Karl I av England, Skottland og Irland 27. mars 1625 30. januar 1649 (avretta) san of Jakob VI av Skottland og I av England og Irland.
  Karl II av England, Skottland og Irland 30. januar 1649 (de jure); 2. mai 1660 (de facto) 6. februar 1685 son av Karl I av England, Skottland & Irland. Forboden av parlamentet frå å ta trona under Det engelske samveldet, men seinare teken som konge med tilbakeverkande kraft.
  Jakob II av England
og
Jakob VII av Skottland og Irland
6. februar 1685 13. februar 1689 brotr til Karl II av England, Skottland & Irland, som døydde utan ektefødde arvingar. Son av Karl I. Styrta ved Den ærerike revolusjonen i 1688.
  Maria II av England, Skottland og Irland 13. februar 1689 28. desember 1694 dotter av Jakob II av England og Irland & VII av Skottland, som framleis var i live og gjorde krav på trona.

Regjerte med Vilhelm III av England og II Skottland, som etterfølgde henne.

  Anne av Storbritannia og Irland 8. mars 1702 1. august 1714 syster av Maria II, dotter av Jakob II av England og Ireland & VII av Scotland. Namnet på staten blei endra til Storbritannia gjennom lovane Acts of Union 1707. Døydde barnlaus, og rettane gjekk til Huset Hanover.

KjelderEndra

  1. The Oxford Dictionary of National Biography