Kåfjord kommune
- For fjorden som kommunen har fått namn etter, sjå Kåfjorden.
Kåfjord kommune (nordsamisk Gáivuotna suohkan, kvensk Kaivuonon komuuni) er ein kommune i Troms fylke. Han grensar til Nordreisa kommune i nord og aust, Storfjord i sør, og mot Lyngen i vest. I søraust har kommunen grense til Finland.
Kåfjord kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms | ||
Adm.senter | Olderdalen | ||
Areal | 991 km² | ||
• land | 951 km² | ||
• vatn | 40 km² | ||
Folketal | 1 974 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål | ||
Norsk målform | bokmål | ||
Samisk språk | nordsamisk | ||
Ordførar | Bernt Eirik Isaksen Lyngstad (Ap) | ||
Kommunenr. | 5540 | ||
Kåfjord kommune 69°36′14″N 20°32′04″E / 69.604°N 20.53456°E | |||
Kart som viser Kåfjord kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Kåfjord, Troms | |||
Nettstad: www.kafjord.kommune.no |
I tillegg til administrasjonssenteret Olderdalen har kommunen tettstadane Birtavarre, Kåfjorddalen, Djupvik, Nordmannvik og Manndalen eller Olmmaivaggi, der den internasjonale urfolkskulturfestivalen Riddu Riđđu blir halden årleg.
Historie
endreKåfjord kommune vart oppretta i 1929, då han vart skild ut frå Lyngen kommune. I 1992 vart fire gardar i grunnkrinsen Nordnes overført frå Lyngen kommune til Kåfjord kommune. 2. mai 1994 fekk kommunen offisielt tospråkleg namn, Gáivuotna - Kåfjord, då det samiske namnet vart lagt til kommunenamnet. I 2016 fekk Kåfjord kommune godkjent søknad om kvensk kommunenamn etter behandling i statsråd 15. april. Dermed ber kommunen offisielt eit trespråkleg kommunenamn.[1]
Folketalet i kommunen nådde toppen i 1970, då folketalet var 3362.[2] Sidan då har det vore jamn nedgang i folketalet.
Folketalsutvikling
endreFolketalsutvikling for Kåfjord kommune frå 1930:
1.12.1930[3] | 3.12.1946[3] | 1.1.1951[2] | 1.1.1961[2] | 1.1.1971[2] | 1.1.1981[2] | 1.1.1991[2] | 1.1.2001[2] | 1.1.2010[2] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2482a | 2820a | 3079a | 3270a | 3279a | 3094a | 2759a | 2311 | 2207 |
- aDette talet omfattar ikkje eit område som var del av Lyngen kommune fram til 1992, då det vart overført til Kåfjord kommune. Dette området hadde då 38 innbyggjarar.