Gåsvær i Tromsø

øy i Tromsø i Troms

Gåsvær er ei øy nord for Kvaløya i Tromsø kommune i Troms. Øya er låg og det høgaste punktet er berre 21 moh. På Gåsvær finst tre hus, eit naust, eit kapell og ein kyrkjegard. Det er ingen fastbuande på øya i dag.

Gåsvær

På Gåsvær ligg Gåsvær kapell frå 1941. Det vart bygd av Gåsvær kyrkjeforeining, som vart stifta i 1931. Kyrkjeforeininga arrangerer Gåsværhelga med gudsteneste i kapellet kvart år rundt 20. juli.[1]

Referansar endre

  1. Tromsø kommune, arkivert frå originalen 28. september 2007, henta 15. april 2008 

Bakgrunnsstoff endre

69°53′32″N 18°40′31″E / 69.89222°N 18.67528°E / 69.89222; 18.67528

  Denne geografiartikkelen som har med Troms å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.