Plinius den eldre
(Omdirigert frå Gaius Plinius Secundus)
Gaius Plinius Secundus (23–25. august 79), meir kjent som Plinius den eldre, var ein romersk forfattar, offiser og embetsmann. Han var morbroren til Plinius den yngre.
Plinius den eldre | |
Statsborgarskap | Romarriket |
Fødd | 20-åra Novum Comum |
Død | |
Yrke | skribent, historikar, naturvitar, militær, lyrikar, filosof, kunsthistorikar, embetsmann, militær befalingshavende |
Språk | latin, gamalgresk |
Far | Gaius Plinius Celer |
Mor | Marcella |
Plinius den eldre på Commons |
Som soldat tenestegjorde Plinius mellom anna i Germania og Spania. Han var i Roma frå 72, og var i 79 flåtesjef i Misenum ved Napolibukta. Då Vesuv-utbrotet som øydela Pompei og Herculaneum tok til la han ut på ein utkikks- og hjelpeekspedisjon, der han døydde, ifølge dei som var med han, av giftige gassar frå utbrotet.
Plinius skreiv store historieverk, eitt om germanarkrigane i 20 bind og ein samtidshistorie i 31, som var viktige kjelder for historikaren Tacitus. Det 37 bøker lange Naturalis Historia ('Naturlære') er derimot bevart.
Kjelder
endre- «Plinius_den_eldre» i Store norske leksikon, snl.no.