Gamalskogbukk
insektart
Gamalskogbukk | ||
| ||
Systematikk | ||
Rekkje: | Arthropoda | |
Underrekkje: | Hexapoda | |
Klasse: | Insecta | |
Orden: | Coleoptera | |
Familie: | Cerambycidae | |
Slekt: | Tragosoma | |
Vitskapleg namn | ||
Tragosoma depsarium |
Gamalskogbukk (Tragosoma depsarium) er ei bille i trebukkfamilien. Han finst over eit stort område, og er funnen frå Europa og aust til den Sibirske Stillehavskysten, i tillegg til somme funn frå Nord-Amerika. I Noreg er arten sjeldsynt, og reknast som sårbar etter Norsk raudliste 2006.
Levesett
endreGamalskogbukken er knytt til bartre, særleg furu. Han utviklar seg i gamle, liggande stammar og stubbar som er om lag midtvegs i nedbrytinga. Larvane forpuppar seg i juni-juli, og kjem fram som vaksne biller i juli-august. Som vaksne er dei nattaktive dyr som heldt seg skjult om dagen. Dei har ei generasjonstid på 3 år i Noreg.
Kjelder
endre- Norges Biller
- Artsdatabanken Arkivert 2010-07-23 ved Wayback Machine.