Gamble Cone
Gamble Cone er ei vulkankjegle 0,6 nautiske mil sør-søraust for Post Office Hill i Kyle Hills på Ross Island. Fjellet har ei høgd på kring 400 moh. Etter forslag frå P.R. Kyle, vart det namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (2000) etter John A. Gamble, ein geolog ved Victoria University of Wellington på New Zealand, som deltok i tre feltprosjekt Kyle leia under United States Antarctic Program, 1981–82, 1982–83, og 1984–85. Han arbeidde seinare med New Zealand Antarctic Programme under utforskinga av vulkanane i Vest-Antarktis 1989–90, som var eit samarbeid mellom Storbritannia, USA og New Zealand i Marie Byrd Land der det vart gjort omfattande arbeid på xenolittar i vulkansk fjell, inkludert ved Cape Crozier og Cape Bird på Ross Isand.[1]
Gamble Cone | |||
vulkan | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Ross Island | ||
• høgd | 400 moh. | ||
- koordinatar | 77°28′S 169°14′E / 77.467°S 169.233°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Gamble Cone 77°28′00″S 169°13′59″E / 77.4667°S 169.233°E | |||
Kjelder
endre- ↑ «Gamble Cone». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 17. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Gamble Cone» (innhald frå Geographic Names Information System).