Gamlebyen kyrkje

kyrkje i Oslo

Gamlebyen kyrkje, adresse Ekebergveien 1, ligg ved foten av den nordvendte Ekebergskrenten i bydel Gamle Oslo i Oslo. Fram til 1925 heitte ho Oslo kirke, òg skrive Opslo kirke. Ho er del av eigedommen Oslo hospital og har òg vore omtalt som Oslo hospitals kirke. Det noverande kyrkjebygget er oppført i 1796 delvis på fundamenta av ei klosterkyrkje fransiskanarane bygde omkring 1290.[1]

Gamlebyen kyrkje
kyrkje
Pål Giørtz
Bispedøme Oslo
Prosti Oslo Domprosti
Sokn Gamlebyen og Grønland
Stad Oslo
Type langkyrkje
Periode Louis-seize-stil
Teknikk mur
Material pussa tegl
Tårn Ved inngangen og med klokker frå 1795, levert av Eric Smith, Christiania: «Til Oslo Hospitalkirke 1795, Gloria ex amore patrie»
Kyrkjegard mellom Ekebergveien og Dyvekes vei
Preikestol Frå 1880, heng over altartavla, ikkje i bruk
Altartavle Inskripsjon: «Gjør dette til min Ihukommelse»
Sitjeplassar 200
Kart
Gamlebyen kyrkje
59°54′11″N 10°46′04″E / 59.903075°N 10.76776111°E / 59.903075; 10.76776111
Wikimedia Commons: Gamlebyen kirke
Gamlebyen kyrkje og «Gråsteinsbygningen» frå 1737 sett frå sør
Foto: Pål Giørtz

Historie endre

Klosterkyrkja som vart oppført mot slutten av 1200-talet var ein av dei første teglsteinsbygningane i Oslo. Teglsteinen kom frå Hertug Håkons teglverk ved breiddene av Alna. Omrisset av klosterkyrkja, det vil seie den delen som låg nordaust for det noverande bygget, er markert med brustein i Ekebergveien foran kyrkja.

Etter reformasjonen i 1536 vart kyrkja omgjort til hospital. Under åtaket frå svenskane i 1567, vart den første kyrkja øydelagd.

På ruinane av kormurane i klosterkyrkja vart det i 1581 oppført eit hospital.

Bygningen vart inndelt i fleire etasjar og fungerte etter dette som hospitalsbygning med kyrkje i første etasje. I tillegg vart det huset vi i dag kjenner som «Gråsteinsbygningen» bygd ved sida. Denne er i dag rekna som Noregs eldste hospitalsbygg. Utover 1700-talet kom det til fleire bygningar, deriblant «Dollhuset» for psykiatriske pasientar.

I 1734 vart ei heilt ny kyrkje bygd på fundamentet av kyrkjeskipet.

Etter den siste brannen 13. januar 1794 vart kyrkja attreist i louis-seize-stil to år seinare. Blant anna vart det gamle mellomalderkoret reve og erstatta med tårnet som står der i dag.

1800-talet vart kyrkja ombygd fleire gonger. I perioden 1934–1939 vart ho restaurert av arkitekt Wilhelm K. Essendrop og ført attende til meir opphavleg utsjånad. Det flate murtaket vart erstatta med ei bogekvelving, og det vart bygd nye sakristi.

Kyrkja vart attopna julaftan 1939 under leiing av biskop Eivind Berggrav.

Kyrkjelyden endre

Gamlebyen sokn vart skild ut frå Aker i 1880 og då kalla Oslo menighet. Vålerenga sokn vart skild ut kring 1900. I samband med at byen i 1925 bytta namn til Oslo, skifta soknet namn til Gamlebyen. Medlemstalet i 2005 var 2670.

Frå 1. januar 2013 vart kyrkjelyden slått saman med Grønland og kalla Gamlebyen og Grønland, med Grønland kyrkje som soknekyrkje. Frå same dato er Gamlebyen kyrkje teken ut av bruk som soknekyrkje. Ny leietakar frå 2014 er Kirkens Bymisjon, som nyttar kyrkja som overnattingsplass for heimlause.[2]

Litteratur endre

  • Kirkebøe, M.C.; Oslos kirker i gammel og ny tid Ny utgåve ved K.A. Tvedt og Ø. Reisegg Oslo 2007 ISBN 82-573-1946-5

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre