Gangapurna
Gangapurna (nepali gaṅgāpūrṇa) er ein topp på fjellkjeda i Annapurna Himal i Himalaya som med ei høgd på 7 455 m er det 57. høgste fjellet på jorda.
Gangapurna | ||
---|---|---|
Gangapurna sett frå Thorang-Phedi. | ||
Høgd over havet | 7 455 m | |
Område | Nepal | |
Fjellområde | Annapurna Himal i Himalaya | |
Dominans | 3,42 km → Annapurna III | |
Skardhøgd | 563 m | |
Koordinatar | 28° 36′ 17″ N, 83° 57′ 51″ AKoordinatar: 28° 36′ 17″ N, 83° 57′ 51″ A | |
| ||
Førsteklatring | 5. mai 1965, Günter Hauser, Erich Reismüller, Hermann Köllensperger, Ludwig Greißl, Ang Tempa og Phudorje II over sørflanken. | |
Normalrute | Austegga frå Manangdalen | |
Annapurna III og Gangapurna |
Gangapurna er ein sentral topp på Annapurna Himal sin hovudkam, aust for hovudtoppen Annapurna I (8 091 m) og dannar ein flott topp-pyramide over landsbyen Manang i nord. Naboen Annapurna III (7 555 m) ligg søraustleg retning, berre skilt frå Gangapurna av eit 6 892 m høgt skard. I nord endar Gangapurnabreen i eit imponerande brefall i Mangadalen.
Gangapurna vart første gong klatra av ein tysk ekspedisjon som 6. mai 1965 fekk eit lag med tre klatrarar og to sherpaer på toppen. Dei gjekk opp frå skardet mellom Gangapurna og Annapurna III og over austegga. To dagar seinare stod resten av ekspedisjonsmedlemmane på toppen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gangapurna» frå Wikipedia på tysk, den 8. juli 2012.
Litteratur
endre- Jahrbuch des Deutschen Alpenvereins 1966: Deutsche Himalaja-Expedition 1965, Alpiner Verlag Fritz Schmitt, München 1966.
- Günter Hauser: Eisgipfel und Goldpagoden. Expedition ins Königreich Nepal. Bruckmann, München 1966.
Bakgrunnsstoff
endre- Gangapurna på Peakbagger.com
- Gangapurna på Peakware.com
- Kart over Annapurna Himal, digitalhimalaya.com