Annapurna III (nepali: अन्नपूर्ण Annapūrṇa) er eit 7 555 m høgt fjell i fjellmassivet Annapurna Himal, Himalaya i Nepal og det 42. høgste fjellet på jorda.

Annapurna III
Annapurna III og Gangapurna sett frå Thorong Phedi.
Annapurna III og Gangapurna sett frå Thorong Phedi.

Annapurna III og Gangapurna sett frå Thorong Phedi.

Høgd over havet 7 555 m
Område Nepal
Fjellområde Annapurna Himal, Himalaya
Dominans 13,4 km → Annapurna II
Skardhøgd 703 mfd2
Koordinatar 28° 35′ 7″ N, 83° 59′ 24″ AKoordinatar: 28° 35′ 7″ N, 83° 59′ 24″ A
Annapurna III (Nepal)
Annapurna III (Nepal)
Annapurna III
Annapurna III
Førsteklatring Mohan Singh Kohli, Sonam Gyatso og Sonam Girmi, 6. mai 1961
Normalrute Nordaustveggen
Annapurna III frå nordaust.
Annapurna III frå nordaust.

Annapurna III frå nordaust.

Annapurna III er ein sentral topp på Annapurna Himal sin hovudkam, aust for hovudtoppen Annapurna I. I nordvestleg retning, på andre sida av eit 6 892 m høgt skard, ligg Gangapurna (7 455 m).

Etter å ha mislukkast på den første indiske Mount Everest-klatringa, vedtok Indian Mountaineering Foundation i 1961 å støtte tre ekspedisjonar. Ein av desse hadde som mål å klatre Annapurna III frå Manang over nordaustveggen og 6. mai 1961 lukkast dei med å få klatrarane Mohan Singh Kohli, Sonam Gyatso, og Sonam Girmi på toppen.[1]

I 1970 klatra eit japansk lag med kvinnelege klatrarar toppen. Dette var første gongen eit reint kvinnelag klatra eit av jordas høgste fjell.[2]

Litteratur

endre
  • Günter Hauser: Eisgipfel und Goldpagoden. Expedition ins Königreich Nepal. Bruckmann, München 1966.

Referansar

endre
  1. Annapurna III-ekspedisjonen 1961 Arkivert 2011-08-26 ved Wayback Machine., himalayanclub.org. Henta 8. juli 2012.
  2. History Arkivert 2011-08-10 ved Wayback Machine., womenclimbing.com. Henta 8. juli 2012.

Bakgrunnsstoff

endre

Teksten er basert på artikkelen Annapurna III frå Wikipedia på tysk slik den var 8. juli 2012.