Garborgheimen
Garborgheimen er fødestaden og barndomsheimen til forfattaren Arne Garborg. Huset blei bygd av foreldra hans, Ane Oline og Eivind Aadneson Garborg, i 1848. Huset er eit typisk jærhus og står på garden Garborg i Time kommune på Jæren, om lag 5 km vest for Undheim. Huset vart eigd og bruk av familien fram til 1869. Innreiinga og møblar frå 1850-talet gir eit godt bilete av den kulturelle og sosiale bakgrunnen til diktaren. Nokre få gjenstandar er autentiske for staden, blant anna den blå kista, ei hylle og ein lysestake, medan det meste er tidsautentisk. Huset er eit godt bevart jærhus og har vore freda som kulturminne frå 1939, og har vore drive som museum frå 1951. Huset vert skildra blant anna i romanen Fred.
I 2012 overtok Garborgsenteret på Bryne formidlingsansvaret, og i 2016 opna dei Noregs største digitale formidlingsløype, Garborgløypa, i Garborgheimen, Knudaheio og Time kyrkje.
Sjå og
endreBakgrunnsstoff
endre- Garborgheimen Arkivert 2014-02-02 ved Wayback Machine. på http://www.time.kommune.no
- Garborgheimen Arkivert 2005-05-24 ved Wayback Machine. på http://www.olavsrosa.no
- Garborgheimen i kulturminnesok.no, nettstaden til RiksantikvarenDenne historieartikkelen som har med litteratur og Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.