Himmelseng
Himmelseng er ein type seng med sitt eige tak eller himling, og det et dette taket som er «himmelen» som har gjeve namn til denne typen senger. «Himmelen» vert vanlegvis halden oppe av ei stolpe i kvart hjørne av senga, laga som ei forlenging av sengebeina. Ofte er det hengt opp tunge forheng i ramma eller sargen på «himmelen».



Himmelsenger har eksistert sidan mellomalderen, og markerte eigarens høge sosial status,[1] ettersom soveromma på slott og i herskapshus i tidlegare tider var stader der ein gjerne tok imot visittar. På 1600-talet vart denne sengetypen populær hjå dei velsituerte byborgarane ikring i Europa. Utforminga av sengene fylgde dei rådande stilretningane i møbelkunsten, barokk, rokokko og klassisisme.
I dag kan ein henga opp myggnett på ei rame som i ei himmelseng for å verna seg mot mygg om natta.
Himmelsenger i NoregEndra
Himmelsenger var ikkje berre eit byfenomen i Noreg, men mykje nytta på bygdene frå 1700-talet og fram til på 1800-talet. Sengene var ofte utforma i renessansestil, ei stilretning som oppstod i tida etter mellomalderen.
- Seng utstilt på Maihaugen i Lillehammer.Foto: Øyvind Holmstad, 2012
- Himmelseng i mahogni. Gåve frå kong Oscar II til Norsk Folkemuseum i 1908. Senga har vore nytta av Karl III Johan i Paléet i OsloFoto: Haakon Harriss, Norsk Folkemuseum
- Himmelseng i Amtmannsgarden på Steinberg på Vestre TotenFoto: Øyvind Holmstad, 2014
Seng frå Midtre Gauldal i gråmåla furu med «himmel» forma som ein kuppel utstyrt med gardiner av grøn silkedamask, no på Norsk Folkemuseum. Denne typen senger vert ofte kalla baldakinsenger, ikkje himmelsenger, då «himmelen» ikkje vert halde oppe av hjørnestolpar på senga.
KjelderEndra
- ↑ The History of the Four Poster Bed, Fourposterbed.co.uk, arkivert frå originalen 2015-07-07, henta 19. august 2017
- Himmelseng, snl.no