Koordinatar: 65°18′42.584″N 17°57′41.821″E Gargnäs (sørsamisk Draehkie, umesamisk Dráhkie) er ein småstad i Sorsele kommun, som ligg cirka 50 km søraust for tettstaden Sorsele på det smale neset mellom elva Gargån og Hemsjön.

EtymologiEndra

Gargnäs, Gargån og lappskattelandet Karko har fått sine namn etter det samiska ordet kárku, som tyder ei mindre strekning med tørr mark i ei myr eller i eit myrlendt terreng.[1]

Gargnäs er nokre gongar òg blitt kalla Dragnäs.[2] Dette har gjeve opphav til det umesamiske namnet Dráhkie, og det sørsamiske Draehkie. Drag er eit svensk dialektord som tyder «smalt nes».[3] Sidan staden ligg på eit smalt nes mellom Gargån og Hemsjön, var det ein enga stad for samar å ta seg fram i båtane sine.

HistorieEndra

Gargnäs ligg i eit område som i byrjinga av 1700-talet var ein del av lappskattelandet Karko.[4] På staden Draati mellom Gargån og Hemsjön fanst det ein gammal reinvall, der samane i ein periode hadde opphaldsstaden sin. På sjølve reinvallen blei bygningen ved namn Gargnäs oppført i 1756 av Hans Mårtensson, son av samen Mårten Turesson og Barbro Hansdotter, som var dottera til den første klokkeren i Sorsele, Hans Ersson. Hans Mårtensson overtok òg skatten for lappskattelandet Karko. Nokre år seinare slutta broren Nils seg til, og overtok halvparten av området som Hans hadde rydda.[2]

Gargnäs kyrkjeEndra

I Gargnäs finst det ei trekyrkje frå 1911. I 1962 blei Gargnäs forsamling utskild frå Sorsele forsamling som ein eigen kyrkjelyd. I 2006 blei denne kyrkjelyden slått saman att med Sorsele forsamling.

InfrastrukturEndra

Gargnäs har ein eigen flyplass, som blir kalla Garglanda. Den er den einaste flyplassen i Vindelådalen.

IdrettEndra

Staden har eit bedriftslag i fotball som trener i Lund. Laget Gargnäs blei grunnlagt føre sesongen 2005, og fekk starte i division 3B. I 2006 vann laget innandørscupen med 32 lag som MFF-support arrangerte i kombihallen i Malmö. I serien rykte laget same år opp til divisjon 2.

Laget har spelt i superettan.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

  1. Bjørn Collinder: Ordbok till Sveriges lapska ortnamn, Uppsala, 1964, side 80
  2. 2,0 2,1 Ossian Egerbladh: Sorsele 1671–1821, Ur lappmarkens Busetnadhistoria, V, Umeå, 1967, side 26, 94–97
  3. Svenskt ortnamnslexikon/2003, side 88
  4. Bertil Marklund: Skogssamiska studier: möten i kultur och näringar 1650–1800, Kulturens Frontlinjer: skrifter från forskningsprogråka Kulturgräns Norr nr 16, Umeå, 1999, side 49-50