Gavin Greig (10. februar 185631. august 1914) var ein skotsk folkemusikksamlar, dramatikar, romanforfattar og lærar.

Gavin Greig
Fødd 10. februar 1856
Død

31. august 1914 (58 år)

Yrke musikkforskar, musikkhistorikar

Liv og virke

endre

Greig var fødd i Parkhill i Aberdeenshire.[1] Han studerte ved Aberdeen universitet, og var prest ved Whitehill village school heilt til han døydde i 1914. Han hadde også ei folkemusikkspalte som heitte i Buchan Observer kvar veke.[1]

Han var redaktør for den største musikksamlinga til James Scott Skinner, The Harp and Claymore Collection,[2] og bidrog med harmoniar til Skinner sine komposisjonar.[3][4] Han var med på innsamlinga til The Greig-Duncan Folk Song Collection, i lag med presten J.B. Duncan (1848-1917). Eit utval frå denne samlinga av over 3 000 songar og melodiar blei gjeve ut i 1925. Det blei gjeve ut to band av samlinga i 1981-1982, men den fulle samlinga på åtte bind kom fyrst ut mellom 1981 og 2002.[5][6]

Greig var også forfattaren av skodespelet Mains Wooin på den skotske dialekten Doric, som var svært populært[7] i Nordaust-Skottland før andre verdskrigen. Romanane hans omfattar Morrison Gray: or, Life in a Buchan Schoolhouse som var framhaldsserie i Peterhead Sentinel mellom mai 1896 og januar 1897, The Hermit o' Gight, som gjekk i Buchan Observer mellom 1898 og 1899, og den historiske romanen Logie o' Buchan, som blei gjeven ut i Aberdeen i 1899.[8]

Gavin Greig var i slekt med Robert Burns på morssida og med Edvard Grieg på farssida.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Greig, Gavin (1856-1914). Poet.», www.users.globalnet.co.uk, henta 20. november 2023 
  2. Ballantyne, Pat The Harp & Claymore Collection Arkivert 19. julu 2011 ved Wayback Machine.. Vitja 26. januar 2009
  3. How I wish Gavin Greig to clothe that... Vitja 14. januar 2009
  4. Note from Skinner to Greig re The Valley of Silence. Vitja 14. januar 2009
  5. Olson, Ian A. The Greig-Duncan Folk Song Collection, Musical Traditions, 5. februar 2003. Vitja 26. januar 2011
  6. Purser, John The Greig-Duncan Folk Song Collection, Musical Traditions, 20. desember 2002. Vitja 11. oktober 2007
  7. Barron, Charles Doric Drama Arkivert 10. juni 2007 ved Wayback Machine., The Elphinstone Kist. Vitja 11. oktober 2007
  8. Donaldson, William (1984), Gavin Greig and Popular Fiction in Victorian Scotland, i Parker, Geoff (red.), Cencrastus No. 18, Autumn 1984, s. 20-22, ISSN 0264-0856