Opna hovudmenyen

Koordinatar: 60°32′7″N 8°12′37″E

Geilo kyrkje
kyrkje
Geilo church.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Buskerud
Kommune Hol
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Tunsberg
Prosti Hallingdal
Sokn Geilo
Fellesråd Hol
Type Langkyrkje
Arkitekt Jacob Wilhelm Nordan
Material Tre
Innvigd 4. juni 1890
Klokker O. Olsen & Søn, 1892
Kyrkjegard Ved kyrkja
Orgel J.H. Jørgensen, 1960
Sitjeplassar 190
Wikimedia Commons: Geilo kyrkje

Geilo kyrkje er ei langkyrkje i Hol kommune i Buskerud fylke.

Kyrkjegarden vart teken i bruk i 1886, og arkitekt Jacob Wilhelm Nordan la fram teikningar same år. Kyrkja vart innvigd som Ustedalen kapell 4. juni 1890 og fekk endra namn til Geilo kyrkje 1. januar 1988. I 1958–60 vart kyrkja utvida vestover med eit større våpenhus, og interiørfargane vart endra ved same høve.

I 1975 opna ny kyrkjegard ved Bruhaugen, og i 2010 tok Geilo kulturkyrkje over som soknekyrkje. Geilo kyrkje vert likevel bevart og nytta til enkelte seremoniar og høgtider.

BakgrunnsstoffEndra

Bilete frå kyrkjaEndra

  Denne kyrkjeartikkelen som har med Buskerud å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.