Hallingdal prosti

Hallingdal prosti er eit tenestedistrikt i Tunsberg bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Flå, Gol, Hemsedal, Hol, Nes og Ål.[1] Prosten har sete i Ål kor Ål kyrkje er prostikyrkje.[2]

Ål kyrkje
Foto: Tove Frøvoll Thoresen

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn. Fram til 2004 var prestetenesta lokalt organisert i prestegjeld.

Sokn og tidlegare prestegjeld i Hallingdal prosti endre

  • Flå og Nes, tidlegare Nes prestegjeld
    • Flå sokn
    • Nes sokn
  • Gol - tidlegare var Gol og Hemsedal slått saman og heitte Gol og Hemsedal prestegjeld. Sokna var dei same som no; Gol, Herad og Hemsedal sokn.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Hallingdal prosti frå Den norske kyrkja
  2. Ål kyrkje[daud lenkje] frå Kyrkjesøk